Ekspertgruppa overleverer forslag om endringar i tilskotsordning for private høgskolar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: Presseinvitasjon | Dato: 31.05.2017
Ekspertgruppa som har gått gjennom tilskotsordninga for private høgskolar overleverer ein rapport til kunnskapsministeren fredag 2. juni.
Tilskuddsordning for private høyskoler
Se sendingen her
I rapporten gir gruppa statsråden anbefalingar om korleis tilskotsordninga til private høgskolar bør innrettast framover.
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, 0153 OSLO
Tid: Fredag 2. juni klokka 12.15 – 12.45
Det blir høve til å intervjue statsråden.
Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Dino Prohic. E-post Dino.Prohic@kd.dep.no eller telefon 922 25 224.
Bakgrunn:Ekspertgruppa blei utnemnd av Kunnskapsdepartementet 1. desember 2016, og er sett saman av representantar frå universitets- og høgskolesektoren. Gruppa fekk følgande mandat:
- Ekspertgruppa skal ta ein gjennomgang av korleis budsjettramma for tilskot til private høgskolar er fordelt mellom institusjonar og utdanningstilbod. Gruppa skal kome med eventuelle forslag til endringar i fordelinga av midlar mellom institusjonar og utdanningtilbod.
- Ekspertgruppa skal vurdere kva for kriterium som skal leggast til grunn for søknad og tilsegn om statstilskot til akkrediterte utdanningstilbod ved private høgskolar. Dette inkluderer kriterium for innlemming av nye private høgskolar i tilskotsordninga.
- Ekspertgruppa skal vurdere om det er hensiktsmessig å i større grad differensiere mellom private institusjonar når det gjeld statleg finansiering.