Forslag på høyring:

Skal bli lettare for helsepersonell å få tak i helsedata

Regjeringa vil gjere det lettare for helsepersonell å få direkte tilgang til helseopplysningane dei treng for å gi god pasientbehandling, og sender no eit forslag om forenklingar i helselovgivinga som skal sørge for dette på høyring. Regjeringa foreslår også endringar som skal gje betre pasienttryggleik, og gjere regelverket lettare å forstå og bruke.

Forslag til endringar i fleire føresegn om teieplikt og tilgang til helseopplysningar er no sendt ut på høyring frå Helse- og omsorgsdepartementet.

– Samla er dette forslag som gjer at vår felles helseteneste tar eit viktig steg inn i framtida. Vi treng eit regelverk som sikrar at nødvendige helseopplysningar er lettare tilgjengeleg. Det gir bedre behandling av pasientane, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Betre pasienttryggleik

Samtidig skal forslaga i helselovgjevinga bidra til betre pasienttryggleik, og gjere regelverket lettare å forstå og bruke.

– På den eine sida gjeld teieplikta for opplysningar i pasientjournalar, og på den andre sida har helsepersonell ei rett og ei plikt til å dele nødvendig og relevant informasjon når det blir ytt helsehjelp. Her tar regjeringa no grep for å sikre at Noreg går foran og viser veg også når det gjeld forvalting av helseopplysningar, seier Vestre.

Kva går forslaget ut på?

  • Lovfesting av at helsepersonell kan få direkte tilgang til relevante og nødvendige helseopplysningar i journalsystem til andre verksemder.
  • Viss ein lege ønsker å motta ei opplysning, skal legen sjølv vurdere om tilgjengeliggjering av opplysningane oppfyller krava i lova for å yte helsehjelp til pasienten. I dag er det helsepersonellet som har ansvar for opplysningane som må vurdere dette.
  • Ein enklare og større rett til å bruke opplysningar om andre pasientar i behandlinga av eigne pasientar. Alt autorisert helsepersonell skal få moglegheit til dette, ikkje berre utpeikte legar og tannlegar som i dag.
  • Når ein loggfører ei opplysning skal det også vere informasjon om kva slags opplysningar som er gjort tilgjengeleg. I dag er det berre krav om tidsrom, kven som har fått tilgang og grunnlaget for kvifor opplysninga har blitt gjort tilgjengeleg.
  • Nokre føresegn blir flytta mellom ulike lovar og slått saman, fordi dei passar saman ut frå formålet i lova. Til dømes er det foreslått å samle føresegnene om verksemdsansvar i pasientjournallova og helsepersonellet sitt ansvar i helsepersonellova.

Kvifor er dette viktig?

Til dømes vil ein sjukepleiar ved ein sengepost kunne ha behov for opplysningar frå sjukehus der pasienten tidlegare har vore. Det kan vere opplysningar om korleis pasienten reagerer på medisin, problemstillingar med lågt blodtrykk under operasjon eller lang oppvakning ved narkose.

Eit anna døme er ein pasient som kjem til legevakt med smertar i brystet. Viss legevakta har direkte tilgang til journalsystemet hjå sjukehuset kan ein raskt hente inn opplysningar om at pasienten nyleg blei vurdert og undersøkt i akuttmottaket i sjukehuset med negative funn ved utgreiing for hjarteinfarkt.

Pasienten får sjølv bestemme

– Vi foreslår også å opne opp for at den einskilde pasient og brukaren i større grad skal få avgjere når og for kven helseopplysningar skal bli gjort tilgjengeleg. Det skal også vere enkelt å få innsyn i kven som har hatt tilgang til helseopplysningane dine.

– Med dette forslaget har vi også sørga for å ivareta personvernet til kvar pasient i regelverket. Til dømes er søk på helseopplysningar som ikkje har heimel i lov forbode og straffbart og ein vil kunne ta ut påtale, seier Vestre.

Regjeringa foreslår i tillegg at dataansvar for den nasjonale ordninga for oppbevaring av pasientjournalar ved overdraging og opphøyr av verksemd, blir flytta frå Helsedirektoratet til Riksarkivaren. Forslaget er ein naturleg konsekvens av at alle oppgåvene knytt til forvaltninga av ordninga er flytta frå Helsedirektoratet til Riksarkivaren og Norsk helsearkiv.