Forslag til endringar i forskrifta om akvakultur av andre artar
Nyheit | Dato: 16.05.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet sender nå på høyring forslag om endring av forskrift om akvakultur med andre artar enn laks, aure og regnbogeaure (andre arter-forskrifta). Forskrifta skal medverke til at oppdrett av andre artar enn laks og aure òg blir lønnsam og konkurransekraftig innanfor rammene av ei berekraftig utvikling, og medverka til verdiskaping på kysten.
Departementet foreslår å gjennomføre justeringar av andre arter-forskriften, samt nokre justeringar av akvakulturdriftsforskrifta.
Hovudendringane er som følgjer:
- Andre artar-forskrifta skal omfatte alle artar som er omfatta av akvakulturlova, med unnatak frå laks, aure og regnbogeaure og produksjonsformene fangstbasert akvakultur, havbeite og havbruk til havs. Dette har den konsekvensen at departementet ikkje vil utføre behandling i førsteinstans av akvakultursøknader etter andre arter-forskrifta.
- I tillegg til dei artane der fylkeskommunen i dag er delegert kompetanse til å behandle akvakultursøknader, foreslår departementet å utvide fylkeskommunane sin kompetanse slik at dei framover også behandlar søknader om akvakultur med sekkdyr. Som følgje av forslaget om å utvide forskrifta sitt verkeområde generelt, blir Fiskeridirektoratet delegert fullmakt til å gi tilsegn om løyve til akvakultur av andre akvatiske organismar som er omfatta av forskrifta.
- Depositumsordninga for å stille sikkerheit ved etablering av akvakulturverksemd blir utvida til å gjelde sekkdyr på lik linje med det som er fastsette for akvakultur med vasslevande planter og blåskjel. Maksgrensa for depositum for etablering av akvakulturanlegg med vasslevande planar på 200 000 kroner blir fjerna.
- Det blir presisert i forskrifta at det framover kan gjevast løyve til akvakultur med fleire artar på ein lokalitet.
Frist for å sende inn høyringssvar er 16. august 2023.