Forskrift om nasjonal retningsline for helsesjukepleiarutdanninga er sendt på høyring
Nyhet | Dato: 14.08.2020 | Kunnskapsdepartementet
Kunnskapsdepartementet legg med dette fram forslag til ny forskrift om nasjonal retningsline for helsesjukepleiarutdanninga. På grunn av auka kompetansekrav til helsesjukepleiarar, er minstetida for videreutdanninga auka frå eitt år til 1 ½ år.
Forskrift om nasjonal retningsline for helsesjukepleiarutdanninga er nå sendt på høyring
Høyringa var i utgangspunktet planlagt i vår, men pandemisituasjonen førte til at høyringa vart utsett til 14. august. Frist for å gje innspel er sett til 15. november.
Minstetida for utdanninga aukar frå 60 til 90 studiepoeng
På grunn av auke i pålagde oppgåver i helsesjuklepleiaryrket dei seinare åra og dermed omfattande krav i læringsutbyttene i den nye retningslina, er minstetida for utdanninga nå auka frå 60 til 90 studiepoeng. Det inneber at frå den nye retningslina vert iverksett, må alle helsesjukepleiarutdanningane vera på minst 90 studiepoeng. Retningslina skildrar difor sluttkompetansen etter både 90 og 120 studiepoeng.
Forskrift om nasjonal retningsline for helsesjukepleiarutdanninga.