Forsøk med startlån for at fleire skal kunne eige eigen bustad

Bustadmarknaden er krevjande for mange. No set regjeringa i gang eit forsøk med startlån for å hjelpe enda fleire inn på bustadmarknaden.

− løpet av dei siste tre åra har vi hatt den største satsinga på Husbanken i nyare tid. Startlån utgjer den største delen av låneramma og er det viktigaste verkemiddelet for å hjelpe fleire inn på bustadmarknaden. Startlån skal gå til dei med langvarige bustadfinansieringsproblem, men handlingsrommet er større enn det kommunane nyttar i dag, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

No kan kommunane søke om å bli med i forsøk med startlån for å hjelpe enda fleire inn på bustadmarknaden. Forsøket er retta mot personar som i hovudregel skal kjøpe bustad for første gang.

− Regjeringa legg til rette for at kommunane kan gi startlån til personar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag. Slik kan vi hjelpe nokre fleire inn på bustadmarknaden, seier Sande.

Situasjonen både i pressområde og i distrikta gjer at vi må sjå på korleis startlånet kan bidra til at fleire kan eige bustad. Regjeringa har sett av 500 millionar kroner til føremålet i 2024 og éin milliard kroner i 2025. Midla skal gå til personar som sjølv etter fleire år med sparing, verken får startlån eller lån i private bankar. Alle kommunar kan søke om å bli med i forsøket.

Kommunane har i dag òg høve til å gi startlån når bustadsituasjonen er til hinder for å halde oppe eit arbeidsforhold eller hindrar utvikling av næringslivet.