Forsvarsministeren besøkte Romania
Nyheit | Dato: 02.11.2024 | Forsvarsdepartementet
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram besøkte sin rumenske kollega Angel Tîlvăr i Bucuresti 1.- 2. november. Noreg og Romania får eit stadig tettare samarbeid, både gjennom materiellsamarbeid og gjennom støtta til Ukraina. – Vi sett stor pris på den viktige rolla Romania spelar for den allierte støtta til Ukraina, seier Gram.
Sikkerheitssituasjonen i regionen sto høgt på sakslista under møtet mellom dei to forsvarsministrane.
– Romania er ein viktig samarbeidspartner som tek stort ansvar på vegne av det vestlege samarbeidet for å styrke vår samla støtte til Ukraina. Romania er vertsland for ulike treningstiltak for ukrainsk personell. Frå norsk side stør vi blant anna treningssenteret som er etablert i samarbeid med den maritime kapabilitetskoalisjonen som Noreg og Storbritannia leiar. Ved dette senteret gjer vi blant anna opplæring i bruk av småbåtar på elveoperasjonar, som er høgt verdsett frå ukrainsk side, seier Gram.
Under besøket snakka han med både alliert og norsk personell som jobbar med å trene opp ukrainske soldatar.
– Dei gjer ein viktig jobb for å styrke Ukrainas kunnskap når det gjeld maritime operasjonar. Det er sentralt for å styrke deira kystforsvar, seier Gram.
Besøkte «norske» F-16
Romania har kjøpt 32 F-16 jagarfly frå Noreg. Tre fly blei levert i 2023. Den første skvadronen med til saman 16 fly skal opprettast i 2024, og denne leveransen føregår no. Den andre skvadronen vil settast opp neste år.
– Salet av F-16 vil styrke og modernisere forsvaret til Romania, som har ein viktig rolle som alliert på østflanken i NATO. Det er positivt at materiell Forsvaret ikkje lenger bruker sjølv, kan fortsette å levere forsvarsevne for allierte, seier Gram.
Undervegs besøkte han flystasjonen der Romania bygger opp sin F-16-skvadron med flya som er kjøpt frå Noreg.
– Det er trygt å sjå at leveransen er i rute, og at Romania styrker sitt luftforsvar med norsk støtte, seier Gram.
Avtala med Romania dekker ikkje berre leveransar av fly, men i praksis to ferdige kampflyskvadronar med reservedelar, støtteutstyr og trening av teknikarar. Romania har også kjøpt missilet NSM, og vil få levert fire mobile utskytningseiningar og to kommandosentralar frå slutten av 2024.