Forsvarsministeren opna norsk fabrikk i Australia
Nyheit | Dato: 05.09.2024 | Forsvarsdepartementet
– Etableringa i Australia markerer ein milepæl for norsk forsvarsindustri. I ei meir uroleg verd blir forsvarindustrielt samarbeid med likesinna land stadig viktigare, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) da han opna Konsberg Defence and Aerospace (KDA) sitt anlegg i Adelaide 5. september.
Gram klipte snora saman med den australske forsvarsindustriministeren Pat Conroy. Anlegget i Adelaide er den første etableringa KDA gjer på denne sida av kloda.
Australia har investert mykje i norskprodusert materiell frå KDA, blant anna sjømålsmissilet NSM og NASAMs luftvern. Anlegget i Adelaide, som er KDAs aller første i Australia, skal brukast til testing, montering og vedlikehald av materiell som selskapet leverer til det australske forsvaret.
Under opninga i Adelaide kunngjorde den australske regjeringa at dei og har inngått ei avtale med KDA om kjøp av JSM-missil til sine F-35 jagarfly.
– Dette er ei stor anerkjenning av Kongsberg Defence and Aerospace og viser at norskutvikla forsvarsteknologi bidrar til global sikkerheit. Krigen i Ukraina har vist oss betydinga av eit sterkt forsvar og ein solid forsvarsindustri, seier Gram.
Nyleg kunngjorde australske myndigheiter ein avtale med Kongsberg Defence and Aerospace om bygginga av eit nytt produksjonsanlegg for missil i Newcastle, nær Sydney. Avtalen inneberer at det for første gang etablerast produksjon av dei norske missila JSM og NSM utanfor Kongsberg.
Under besøket til Australia deltok Gram også på eit næringslivsseminar med ei rekke representantar for norsk forsvarsindustri.
I tala si understrekte Gram behovet for tettare industrisamarbeid.
– Vi lev i usikre tider. Desto viktigare er det at vi kjem saman og styrker vårt felles forsvar gjennom ein meir robust forsvarsindustriell kapasitet.