Forsvarsministeren til Asia i september
Nyheit | Dato: 12.08.2024 | Forsvarsdepartementet
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) legg ut på ei omfattande rundreise til Sør-Korea, Japan og Australia denne hausten. Det er første gong ein norsk forsvarsminister besøkjer Australia og 40 år sidan førre besøk til Japan.
Reisa tek til i slutten av månaden, og i forkant deltok forsvarsminister Bjørn Arild Gram på eit frukostmøte i regi av Forsvarets høgskule og Institutt for forsvarsstudier - om nettopp Asia.
- Om få dagar reiser eg til Sør-Korea, Japan og Australia for å vidareutvikle vår sikkerheitspolitiske dialog, få ei betre forståing av dei sikkerheitspolitiske utfordringane som er i den delen av verda, og dessutan bygge tettare band mellom norsk og asiatisk forsvarsindustri, sier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
- Sjølv om Asias betydning for Noreg er vorte meir synleg for mange de siste årene, er det likevel viktig å hugse at dette eigentleg ikkje er nokon nyheit. Det har berre vorte tydelegare og sterkare. Som mykje anna, er Asias betydning snarare ei grunnleggjande geopolitisk erkjenning som gjekk litt i gløymeboka i ei periode prega av fred og fordragelegheit, understrekar Gram
Reiser til Sør-Korea, Japan og Australia
- Det er viktig for oss å forstå kva som skjer i Asia. Det har betyding for tryggleiken vår og derfor ønskjer eg å knyte tettare kontakt med sentrale samarbeidspartnarar og høyre deira syn på situasjonen, seier forsvarsministeren.
Sentralt i programmet til statsråden står politiske møte og møte med akademiske miljø og tryggingspolitiske tankesmier.
- Auka spenning og uro i regionen har noko å seie for norsk og europeisk tryggleik, og NATO knyter sterkare band til partnarlanda våre i Asia. Det er heilt sentralt å forstå kva den kinesiske framveksten og militære modernisering og samarbeidet med Russland betyr for oss, seier Gram.
Formålet med reisa til forsvarsministeren er todelt. I tillegg til å styrkje den tryggingspolitiske dialogen vil industri- og forsvarsmateriellsamarbeid stå sentralt. Mellom anna skal statsråden delta på den offisielle opninga av det nye produksjonsanlegget til Kongsberg Defence i Australia.
- Land i Asia og Stillehavet blir stadig viktigare for Noreg som samarbeidspartnarar i forsvarsindustrien. Noreg har nyleg kjøpt nytt artilleri frå Sør-Korea, Japan skaffar missil frå Kongsberg og Australia kjøper norsk luftvern og missil, seier Gram.
I samband med besøket til statsråden vil det bli haldne forsvarsindustriseminar med deltaking frå norske bedrifter både i Japan og Australia.
Frukostmøte om Asia og Noregs nye tryggingssituasjon 23 august
I forkant av reisa forsvarsministeren har til Asia arrangerer Institutt for forsvarsstudium (IFS) eit frukostseminar med Asia som tema.
Tid: fredag 23. august kl 09-10.15
Stad: Sentralen, Oslo
Forsvarsminister Gram vil diskutere kvifor Noreg bør styrkje den tryggingspolitiske dialogen og forsvarsmateriellsamarbeidet med NATOs viktigaste partnarar i Indo-stillehavsregionen. Innleiinga vil bli etterfølgd av ein samtale med professor Øystein Tunsjø. Til slutt vil eit panel beståande av sjefsredaktør Sun Heidi Sæbø som ordstyrar og professor Ulf Sverdrup og seniorforskar Rebekka Åsnes Sagild dele kommentarane og betraktningane sine knytt til Asias makt og betydninga for norsk tryggingspolitikk.
For meir informasjon og påmelding:
Asias makt og Norges nye sikkerhetssituasjon - Forsvaret
Praktisk informasjon redaksjonen om Asia-reisa til forsvarsministeren
Reisa går føre seg i tidsrommet frå 30 august til 9 september med start i Sør-Korea, før Japan og til slutt Australia.
Vi legg opp til intervjumoglegheiter på telefon/video i løpet av reisa. Ta kontakt for nærare detaljar og mediemoglegheiter.
Dersom redaksjonen ønskjer å delta på heile eller deler av reisa, er det fint med beskjed så raskt som mogleg. Ver merksam på at innreise til Australia krev visum.
Kontaktperson: Kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, inda@fd.dep.no, tlf 45241874.