Frå ord til handling for å sikre norsk fagspråk
Pressemelding | Dato: 14.06.2023 | Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet
Dei siste åra har stadig meir undervisning og forsking ved universitet og høgskular føregått på engelsk. Regjeringa vil at norsk framleis skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. I ein ny handlingsplan legg regjeringa fram konkrete grep for å trygge og styrke norsk fagspråk for framtida.
– Tapar me det norske fagspråket, mister me noko av det viktigaste me har i Noreg: eit felles, fullverdig språk som kan brukast til alt. Om forskarar og studentar i stadig større grad jobbar, tenkjer og snakkar engelsk, vil ikkje det berre svekke akademia, men heile det norske samfunnet. Derfor tek me no ei rekkje konkrete grep for å sikre det norske fagspråket for framtida, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Dei siste åra har det såkalla domenetapet for norsk språk skjedd svært raskt og i et stort omfang:
- Rundt 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar er no på engelsk. I naturvitskap og teknologi blir det knapt publisert norskspråkleg forsking i det heile.
- Både innan samfunnsvitskap og humaniora går delen publisert forsking på norsk stadig nedover, og er no under 30 prosent.
- Den største utfordinga er i høgare utdanning, som utdannar fagfolk til det norske samfunnet. På om lag eit tiår er engelskmengda i undervisninga nesten dobla. Snart blir annakvar masteroppgåve skriven på engelsk.
– Språka våre er ein svært viktig del av kulturarven vår, tett knytt til vår felles identitet og fellesskap. Norsk språk er og skal fortsette å vere sterkt i Noreg, men det er under press. Difor er det så viktig at me no tydeleggjer forskings- og utdanningsinstitusjonane sitt ansvar for å bruke, utvikle og styrke norsk språk, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
I handlingsplanen tar regjeringa ei rekkje kraftfulle grep:
I den nye universitets- og høgskulelova, som regjeringa legg fram i sin heilskap på fredag, kjem det fleire forslag som skal styrke norsk fagspråk:
- Lova slår fast at undervisningsspråket i høgare utdanning i Noreg er norsk eller samisk, og at unnatak frå dette kravet må ha ei fagleg grunngjeving. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett, men tydeleggjer institusjonane sitt ansvar.
- Det blir tydelegare kva institusjonane må gjere for å innfri krava til norsk fagspråk i lova.
- Regjeringa tek sikte på å gi studentar rett til å skrive bachelor- og masteroppgåver på norsk.
I tillegg foreslår regjeringa å forskriftsfeste fleire viktige krav:
- Slå fast at studentane skal få kompetanse i norsk fagspråk.
- Krav om norskkompetanse på nivå B2 innan tre år for fast tilsette som har undervisingsoppgåver og som ikkje har norskkunnskapar på minst dette nivået ved tilsetting.
- Krav om at doktorgrads- og postdoktorstipendiatar som ikkje har kunnskapar i norsk ved tilsetting, får tilbod om norskopplæring og krav om å gjennomføre norskopplæring tilsvarande minst 15 studiepoeng.
Regjeringa vil også følgje opp systema for norskundervisning og -vurdering ved universiteta og høgskulane, mellom anna i samarbeid med Universitets- og høgskulerådet, og vil arbeide for at formidling på norsk og utvikling av norsk fagspråk og terminologi skal leggast meir vekt på ved rekruttering og merittering.
I tillegg til å kome med føringar, vil regjeringa også styrke fleire av dei ordningane som støttar opp om utviklinga av norsk fagspråk. Regjeringa vil:
- styrke Termportalen ved UiB for å sikre at alle – i og utanfor akademia - får god oversikt over fagtermar på norsk
- styrke ordninga for norske tidsskrift og vidareutvikle ordninga for norske lærebøker
- bidra til å sikre berekraftige fagmiljø innan norsk språkvitskap
Grepa i handlingsplanen kjem på toppen av ei rekkje tiltak regjeringa allereie har gjennomført. Tildelingsbreva set mykje tydelegare krav til universiteta og høgskulane om bruk av norsk. I tillegg er det sett krav til tilbod om språkopplæring av tilsette, og norskspråklege oppsummeringar av ph.d.-avhandlingar, masteroppgåver og bacheloroppgåver.
Ikkje ein motsetning til internasjonalisering
I handlingsplanen er regjeringa tydelege på at det ikkje er eit motsetningsforhold mellom å delta i det internasjonale kunnskapssamfunnet og samstundes oppretthalde eit fullverdig norsk språk. Derfor blir det ikkje sett krav til kva språk norsk forsking skal publiserast på. Engelsk har blitt det dominerande og felles språket innafor en rekke fagområde, og det er nødvendig å publisere på engelsk for å delta i den globale kunnskapsallmenningen.
– Med denne handlingsplanen slår me ettertrykkeleg fast: Å verne og utvikle norsk fagspråk er ein del av samfunnsoppdraget til norske universitet og høgskular. Dei er institusjonar som er finansierte av det norske samfunnet, og som skal vere til nytte for samfunnsliv og næringsliv i Noreg. Dei skal drive med forsking og god undervisning, bidra til innovasjon og formidle kunnskap til det norske samfunnet. Det forpliktar, seier Borten Moe.
Norsk språk i undervisning og læring
- Tydeleggjere reglane om norsk fagspråk i den nye universitets- og høgskulelova slik at det blir klarare kva institusjonane skal gjere for å innfri kravet i lova
- Foreslå å gjeninnføre ein regel i universitets- og høgskulelova om at
undervisningsspråket er norsk eller samisk, med høve til fagleg grunngjevne unntak - Foreslå krav om at studentane skal få kompetanse i norsk fagspråk i høgare utdanning, i forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk
- Foreslå å innføre ein rett for studentane til å skrive bachelor- og
masteroppgåver på norsk gjennom endringar i universitets- og høgskulelova i 2024
Norskkompetansen til undervisarane
- Foreslå å forskriftsfeste eit krav om norskkompetanse på nivå B2 innan tre år for fast tilsette som har undervisningsoppgåver og som ikkje har norskkunnskapar på minst dette nivået ved tilsetjing
- Foreslå å forskriftsfeste eit krav om at doktorgrads- og postdoktorstipendiatar som ikkje har kunnskapar i norsk ved tilsetjing, får tilbod om norskopplæring og krav om gjennomføring av norskopplæring tilsvarande minst 15 studiepoeng
- Følgje opp systema for norskundervisning og -vurdering ved universiteta og høgskulane, i dialog med institusjonane og Universitets- og høgskulerådet
- Arbeide for at formidling på norsk og utvikling av norsk fagspråk og terminologi skal vektleggjast meir i rekruttering og merittering (jamfør NOR-CAM)
Norsk språk i forsking og formidling
- Sikre berekraftige fagmiljø i norsk språkvitskap, inkludert mellom anna terminologi, leksikografi, namnegransking og språkteknologi
- Styrkje arbeidet med utvikling og tilgjengeleggjering av terminologi
- leggje til rette for vidare utvikling og bruk av Termportalen
- ta initiativ til utvikling av modellar for samarbeid om terminologiutvikling mellom universiteta og høgskulane og med Termportalen
- vurdere å leggje til rette for at tilsette kan registrere terminologiarbeid i Cristin / Nasjonalt vitenarkiv
- Vidareføre og samordne ressursar til dei statleg finansierte ordbokprosjekta
- leggje til rette for vedlikehald og utvikling av Norsk ordbank som digital grunnlagsressurs for korrekt, normert bokmål og nynorsk
- Styrkje tilskottsordninga for norskspråklege forskingstidsskrift i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
- Vidareutvikle lærebokordninga i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for å stimulere til meir skriving og bruk av læremiddel på norsk, og vurdere styrking av ordninga når det er behov for det
- Vidareføre føringa om norskspråkleg samandrag i engelskspråklege oppgåver/ avhandlingar (bachelor, master, ph.d.)
- Forsterke Forskingsrådet sin innsats for å fremje norskspråkleg formidling frå forskingsprosjekta dei finansierer
- Fjerne publiseringsindikatoren i finansieringssystemet for universitet og høgskular
- Sikre gode vilkår for å skrive, gje ut og omsetje lærebøker for høgare utdanning og fagbøker for profesjonsmarknaden på norsk ved å innlemme desse bøkene i verkeområdet til boklova
Andre tiltak
- Gje føring om norsk som administrasjonsspråk ved universiteta og høgskulane
- Leggje til rette for bruk av bokmål, nynorsk og norske dialektar i digitale tenester og verktøy
- sikre berekraftige fagmiljø innan språkteknologi (jf. tiltak 9)
- vidareføre og utvikle Nasjonalbibliotekets språkbankoppdrag
- gjennomføre EUs digitalmarknadsdirektiv i norsk rett
- arbeide vidare med deling av data til språkteknologiformål
- Betre statistikken over utviklinga for norsk fagspråk i akademia
- Evaluere arbeidet med norsk fagspråk og terminologi ved universiteta og høgskulane, medrekna arbeidet institusjonane gjer med eigne språkstrategiar