Framlegging av stortingsmelding om flaum og skred
Pressemelding | Dato: 24.05.2024 | Energidepartementet
Energiminister Terje Aasland og kommunal- og distriktsminister Erling Sande inviterer til pressekonferanse i samband med framlegginga av stortingsmeldinga om flaum og skred.
Framlegging av stortingsmelding om flaum og skred
Sjå sendinga her
Tid: Fredag 31. mai kl. 12.00. Oppmøte for påmeldt presse frå kl. 11.30.
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 18 i Oslo.
Me ber presse om å melde seg på til info@ed.dep.no innan fredag 31. mai kl. 10.00. Ta med gyldig pressekort og id.
Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til info@ed.dep.no med teksten «Pressekonferanse flaum og skred» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Pressekontaktar for energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og spesialrådgivar Ole Berthelsen, telefon 93 02 68 47, e-post ole.berthelsen@ed.dep.no.
Pressekontakt for kommunal- og distriktsministeren er fungerande kommunikasjonssjef Jenny Kanestrøm Trøite, telefon 90 02 46 10, e-post jktr@kdd.dep.no.