Framleis stengt laksefiske i Tanavassdraget i 2025

Klima- og miljødepartementet har vedteke å ikkje opne for laksefiske i Tanavassdraget i 2025.

Statusen til laksebestandane i Tanavassdraget er ikkje på det nivået forskriftene for vassdraget krev for å kunne opne for eit avgrensa fiske. Det er dermed ikkje grunnlag for å opne for laksefiske i Tanavassdraget i 2025.

– Det er all grunn til å vere bekymra for laksebestandane i Tanavassdraget. Det har aldri kome så lite laks opp i Tanaelva som i 2024. Tanalaksen treng framleis all den beskyttelsen den kan få, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Klima- og miljødepartementet sendte 7. mars på høyring eit forslag om ikkje å opne for laksefiske i Tanavassdraget i 2025. Forslaget var grunngjeve med det rekordlåge lakseinnsiget i 2024 og dei svake prognosane for 2025. Departementet mottok sju høyringssvar.

I forkant av høyringa blei status for laksebestandane og moglegheita for å opne for eit avgrensa fiske diskutert i møte mellom Klima- og miljødepartementet, det finske Jord- og skogbruksdepartementet og representantar frå lokale rettshavarar i Noreg og Finland. Det var semje mellom aktørane om at ein ikkje kan opne for laksefiske i Tanavassdraget i 2025.

- Vi har allereie sikra at det er dei lokale rettshavarane som har prioritet når vi kan opne for eit avgrensa fiske igjen, seier Bjelland Eriksen.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.