Fristen for trus- og livssynssamfunn til å sende inn årsmelding og rekneskap for 2019 blir ikkje forlenga ytterlegare
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 18.05.2020
Fast frist for å sende inn rekneskap og årsmelding er 10. april. På grunn av det pågåande koronautbrotet bestemte Barne- og familiedepartementet 16. mars 2020 å forlenge fristen til 15. mai 2020. Fristen blir ikkje forlenga ytterlegare.
Alle trus- og livssynssamfunn som får tilskott etter lov om trudomssamfunn og ymist anna (trussamfunnslova) eller lov om tilskott til livssynssamfunn (livssynssamfunnslova), skal sende årlege rekneskap over bruk av statleg og kommunalt tilskott til fylkesmannen. Rekneskapet over bruk av tilskott skal vere attestert av statsautorisert eller registrert revisor – unntatt når statstilskottet er under 100 000 kr. Når statstilskottet er under 100 000 kr, skal trussamfunnet i staden sende inn ein rekneskapsoversikt som er bekrefta av styret eller utvalet i samfunnet.
Registrerte trussamfunn skal i tillegg til rekneskapet sende inn ei kortfatta årsmelding om «verksemda og om brigde i ting som er registerførde». Livssynssamfunn og uregistrerte trussamfunn er ikkje pålagt å sende inn årsmelding.
Det er ikkje et krav etter trussamfunnslova eller livssynssamfunnslova at rekneskap over bruk av tilskott og/eller årsmeldingar er blitt behandla i trus- eller livssynssamfunnets årsmøte eller tilsvarande organ.
Både rekneskap og årsmelding for 2019 kan dermed sendast til fylkesmannen sjølv om dokumenta ikkje er blitt behandla i trus- eller livssynssamfunnets årsmøte eller tilsvarande organ.
Enkeltståande trus- og livssynssamfunn som likevel treng meir tid til å utarbeide og sende inn årsmelding og/eller rekneskap, kan be fylkesmannen om å få utsett fristen.