Frivillig innsats byggjer lokalsamfunn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 24.10.2017
Av: Tidligere kulturminister Linda Hofstad Helleland (Innlegg i fleire lokale aviser oktober 2017)
Er du ein av dei mange tusen frivillige som skal tilbringe helga som hallvakt, eller selge kaffe som kioskansvarleg? Kanskje er du lagleiar for unge, engasjerte handballspelarar på veg til kamp, eller sjåfør for slitne, håpefulle som har gitt alt på fotballcup? Kvar helg – kvar dag - blir det lagt ned tusenvis av timar med frivillig innsats rundt om i landet. Kulturhus, friluftsområde, skular og idrettshallar blir fylte opp av barn, ungdom, foreldre, besteforeldre og vener. Saman skapar vi trygge, gode og aktive lokalsamfunn.
Målt i pengar er den frivillige innsatsen verdt 74 milliardar kroner. Det viser kor viktig og omfattande det frivillige i Norge er. Din innsats som frivillig er verdifull for Noreg og for regjeringa. Vi ser, høyrer og støttar dykk. Vi ser det når vi vitjar kommunen din, kulturhuset ditt eller idrettsplassen din. Eg ser dykk når eg er fotballmamma for gutane mine eller er til stades på ei korpsøving. Vi høyrer dykk gjennom faste møteplassar og open dialog. Dette har vi forankra i Frivilligerklæringa frå 2015 som gir klare føringar for samspelet mellom regjeringa og frivillig sektor, og legg til rette for dialog i tida framover. Og, vi støttar dykk gjennom nye tilskot og gode rammevilkår.
Over 11 milliardar kroner over statsbudsjettet går til frivillig verksemd. For 2017 er det fordelt 3,5 milliardar kroner til det frivillige og idretten frå spelemidla. I tillegg kjem 277 millionar kroner til Extrastiftelsen. Momskompensasjon til frivillige organisasjonar er den viktigaste tilskotsordninga for frivillig sektor og den blir foreslått auka med 28,6 millionar kroner – til 1,35 milliardar kroner 2018. Denne regjeringa har auka ordninga med nesten 400 millionar kroner sidan 2013. Vi foreslår òg å auke tilskota til det frivillige kulturlivet med 10 millionar kroner. I tillegg blir det frivillige styrkt ved at herrelaus arv går til barn og unge i frivillige organisasjonar i staden for staten. 24,5 millionar kroner frå herrelaus arv vil i 2018 tilfalle frivillige organisasjonar som arbeider for barn og unge.
Som minister veit eg at frivillig verksemd i Noreg er til stades, levande og krevjande. Akkurat som den skal og bør vere for å henge med på utviklinga i samfunnet. Dette inneber stadig tilpassing og prioriteringar frå regjeringa. Vi skal alltid strekke oss for å bli best mogleg. Også i frivilligpolitikken. Den kommande stortingsmeldinga om det frivillige skal sørge for at den statlege politikken på området blir endå meir koordinert slik at det blir endå enklare for fleire å vere frivillige.
Tusen takk for innsatsen din!