Fullfører flyttinga av Luftforsvarets skolesenter til Værnes
Nyhet | Dato: 01.03.2024 | Forsvarsdepartementet
Regjeringa legg fram forslag for å fullføre flyttinga av Luftforsvarets skolesenter frå Kjevik til Værnes.
- Luftforsvarets skolesenter på Værnes vil gi ei kraftsamling av det flyfaglege miljøet i Trøndelag, med kampflybasen på Ørland, Luftkrigsskolen i Trondheim og Luftforsvarets skolesenter på Værnes. Saman med den planlagde flyfaglinja ved Fosen vidaregåande skole vil flyttinga gi eit godt grunnlag for å rekruttere og behalde teknisk personell for ein livslang karriere i Luftforsvaret, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Det har i lengre tid vore kjend at det er for få teknikarar og flymekanikarar til å dekkje behovet til vedlikehald av F-35 kampfly og P-8 maritimt overvakingsfly i framtida.
- Det hjelper ikkje å ha det beste kampflyet i verda, viss vi ikkje får dei opp i lufta. Skal vi få det Forsvaret vi har til å virke, må vi ha nok folk med den rette kompetansen. Vi vil no få eit skolesenter på Værnes som kan møte behovet for utdanning framover og sikre Forsvaret kritisk kompetanse, seier forsvarsministeren.
Den tekniske skolen er siste brikke som kjem på plass på Værnes. I tillegg til skolebygg, praksisareal og kontorarbeidsplassar skal det byggjast tre nye forlegningar. I budsjettet for i år la regjeringa inn løyvingar for å få på plass elevforlegningar. Flyttinga skal vere fullført i 2026.
- Det tek tid å byggje kompetanse og gode fagmiljø, og no legg vi eit godt grunnlag for å etablere det på Værnes. Flytting av verksemd vil alltid vere særleg utfordrande for dei tilsette som er ramma, og vi må rekne med at det kan bli ein overgangsperiode med nokre utfordringar, men eg har tru på at flyttinga av skulesenteret vil bli ei god og langsiktig løysing for utvikling av kompetansemiljøa, seier Gram.
Flyttinga av Luftforsvarets skolesenter frå Kjevik til Værnes vart vedteken av Stortinget i 2016. Store delar av skolesenteret er no etablert på Værnes. Den tekniske skolen har stått att.
- Vi ser at dei opphavlege planane har undervurdert investeringsbehova. Derfor har det vore nødvendig å gå gjennom prosjektet på nytt. Med løysinga vi no legg fram, etablerer vi framtidsretta løysingar for verksemda på skulesenteret, seier forsvarsministeren.
Den samla kostnadsramma er 940 millionar kroner. Prosjektet vil krevje Stortingets samtykke. Regjeringa vil fremje saka for Stortinget i investeringsproposisjonen denne våren. Mogleg alternativ bruk av Kjevik vil bli vurdert i samband med den kommande langtidsplanen.