Fylkesnytt fra Innlandet 1/2025
Nyhet | Dato: 29.01.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Statsforvalteren i Innlandet er ute med et nytt nummer av Fylkesnytt. I denne utgaven kan du lese om hensyn til bakkehekkende fugler og stølsbruk.
- Tiltaksplan for jordbruket er sendt på høring
- Nye rekorder for skogkulturaktiviteten i Innlandet
- Nå er rundballene i Lågendeltaet etter uværet Hans fjernet
- Fleire bønder tar omsyn til vipe og andre bakkehekkande fuglar i jordbruksområde
Litt færre stølsbrukarar i 2024, men auke i nokre kommunar
Innlandet er landets største stølsfylke med totalt 417 stølsbrukarar i 2024. Det er aktive stølar med mjølkeproduksjon i 38 av 46 kommunar, og støling er særleg utbreidd i Valdres, Midt- Gudbrandsdalen og Nord-Østerdal.
I 2024 vart det 1,3 % færre stølsbrukarar i fylket enn året før. Dette viser foreløpige tal for søknader om regionale miljøtilskot til seterdrift/stølsdrift med mjølkeproduksjon. Nedgangen er litt lågare enn årsgjennomsnittet etter 2020, og i perioden 2020-2024 er nedgangen meir enn halvert (6,1 % samla reduksjon) i høve til perioden 2016-2020 (17,1 % reduksjon).
I same perioden slutta 13,4 % bønder som mjølkeprodusentar. Andelen som sluttar med mjølkeproduksjon er altså vesentleg høgare enn andelen som sluttar med stølsdrift. Det tyder på at stølsdrifta som oftast vert lagt ned som følgje av at mjølkeproduksjonen vert avvikla.
Noko anna som er interessant, er at det faktisk er sju kommunar som har ein auke i talet på søkarar frå 2020. Spesielt kan ein trekke fram Vang med ein auke frå 23 til 29 søkarar og Øyer som har auka frå 8 til 11 søknader. Tilskottet til stølsdrift i fjor er foreløpig sett til 110 000 kroner for drift i 4-6 veker og 135 000 kroner for drift i 6 veker eller meir (endelege satsar blir fastsett i slutten av januar 2025). Det er ein stor auke i søkarar som driv 2 eller 3 stølar sidan 2020.
Sidan søknadsbehandlinga ikkje er avslutta for 2024, kan det vera små feil i tala for i fjor. Den samla trenden ligg nok likevel fast, spesielt når ein ser på dei siste fire åra under eitt. Kanskje ein kan si at stølsbrukarar held ut lenger enn mjølkeprodusentar flest? Og det er lov å håpe at ein positiv trend i nokre kommunar kan spreie seg.
Tiltaksplan for jordbruket sendt på høring
På vegne av partnerskapet for jordbruk i Innlandet har vi lagt tiltaksplan for jordbruket i Innlandet 2025-2030 ut på høring fram til 16. februar. Planen legger føringer for satsingsområder innen jordbruket framover og bruken av regionale landbrukspolitiske virkemidler.
Tiltaksplanen viser status for jordbruket, utfordringer vi ser og muligheter som finnes. Den skisserer målsettinger for jordbruket i Innlandet og strategiske satsingsområder. Vi ønsker å synliggjøre jordbruket i Innlandet sin viktige rolle for landets matproduksjon, beredskap og matsikkerhet. Samtidig ønsker vi å styrke jordbrukets rolle som grunnlag for sysselsetting, bosetting, verdiskaping m.m.
Planforslaget skal vedtas politisk av hovedutvalg for næring i Innlandet fylkeskommune.
Nye rekorder for skogkulturaktiviteten i Innlandet
Aldri før har det vært investert så mye i skogkulturtiltak i Innlandet som i 2024. Den høye aktiviteten kan tilskrives en solid innsats fra aktører, skogeiere, entreprenører og offentlige aktører, som alle ønsker å sikre fremtidige skogressurser.
I Innlandet ble det satt rekord for ungskogpleie, nyplanting (dette årtusenet) og markberedning. Likevel viser tallene at det bare utgjør litt over halvparten av det samlede behovet for ungskogpleie i fylket, noe som understreker et stort potensial for videre økninger.
Ungskogpleie er et lønnsomt og klimavennlig tiltak som sikrer en mer produktiv og robust skog. For å nå målet om 150 000 dekar ungskogpleie, må flere skogeiere bli bevisste på verdien av tidlig innsats i ungskogen. Bransjen er likevel optimistisk og håper at rekordåret 2024 legger grunnlaget for enda høyere aktivitet i tiden som kommer.
Nå er rundballene i Lågendeltaet etter uværet Hans fjernet
Under flommen som følge av uværet Hans i 2023 havnet flere hundre rundballer i vassdragene i Innlandet, særlig Lågen og Mjøsa. Det er brukt mye tid på å rydde rundballer som havnet i verneområder, spesielt i Lågendeltaet naturreservat og fuglefredningsområde ved Lillehammer. Enheten for naturmangfold og verneområder hos Statsforvalteren i Innlandet delte ut midler til to landbrukskontor for å organisere rydding i reservatene i sitt område i løpet av vinteren 2023-24. I Midt-Gudbrandsdalen ble alt ferdig ryddet før vårflommen 2024 av grunneierne og Statens Naturoppsyn (SNO).
I Lågendeltaet tok det mer tid. Statsforvalteren gjorde en befaring i mai 2024 sammen med bondelaget, grunneierne og SNO. Det ble klart at kostnaden ved opprydding ville bli svært høy pga. mengde (over 200) og utilgjengelighet for rundballene. I midten av mai ryddet Kalstad Maskin på oppdrag fra oss ca. 100 rundballer i våte og vanskelig tilgjengelige områder. De rundballene som var tilgjengelige for grunneierne med egen traktor, ryddet de selv. På grunn av tidlig og rask vårflom, ble det liggende ca. 30 rundballer som vi måtte ta på vinterføre. Vi ga midler til landbrukskontoret før nyttår for at de skulle organisere uthenting i løpet av vinteren 2025. De ble hentet med gravemaskin på belter med klype i uke 3 av samme firma, som vi hadde skrevet avtale med.
Fleire bønder tar omsyn til vipe og andre bakkehekkande fuglar i jordbruksområde
I fjor vart det gjort avtale med 43 bønder om tiltak for å hjelpe fuglar som hekkar på jordbruksareal. Bøndene fekk då rett til å søke regionalt miljøtilskott for det arealet som var med i avtalen. Dette gjaldt framfor alt vipe, med 38 avtalar. I tillegg vart gjort tre avtalar for lokalitetar der det var registrert syngande åkerrikser og to avtaler som gjaldt dei siste kjende lokalitetane med hekkande hortulan her i landet. For vipe vart det delvis gjort avtaler om å ta omsyn til enkeltreir under drifta på arealet (merking av reir og omsyn til dette under jordarbeiding osb.) og delvis om å setta av areal som fekk stå urørte til utpå sommaren. Det er ein høgare sats for det siste (4000 kroner) sidan dette fører til at ein ikkje får hausta særleg nyttbar avling og misser areal- og kulturlandskapstilskottet. For enkeltreir var tilskottet på 2000 kroner pr. daa (vanlegvis rekna at 1 reir = 1 daa). Det blir gitt maksimalt tilskott for 10 daa for kvar av satsane. Du finn meir informasjon om tilskott til tilrettelegging for fuglar i jordbruksområde på heimesida vår.
Mange av desse areala er faste lokalitetar der vipa stort sett dukkar opp kvart år. Vipa er trofast mot oppvekstplassen og kjem gjerne tilbake til same området. I tillegg har denne arten ein tendens til å samle seg i lause «koloniar», som m.a. gir betre vern mot predatorar. Mange av lokalitetane er og karakterisert ved at det er fuktige parti i åkeren som er gode område for matleiting. I tillegg er det ofte ein del variasjon i landskapet rundt, t.d. nærliggande beite eller andre grasområde som vipa flyttar seg til når ungane veks til. Det vart ikkje hekking på alle stadene med avtalar i fjor, men på dei beste lokalitetane var det opptil 10-12 par.
Hekking av åkerrikse er svært vanskeleg å konstatere, sidan dette er ein art med eit svært skjult levevis, som ein sjeldan finn reir og ungar av. Slik var det på dei lokalitetane som fekk tilskott i fjor. Når det gjeld hortulan, vart 2024 dessverre fyrste året da ingen hekkande par vart registrerte, og spørsmålet er om arten snart må reknast som utdøydd i Noreg. Les meir om tilbakegangen for hortulan og andre fuglar på heimesida vår.