Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om auka fokus på jordvernet i Møre og Romsdal.

Auka fokus på jordvern i Møre og Romsdal

Tal dekar omdisponert jordbruksjord har gått litt ned dei siste åra. Likevel ligg Møre og Romsdal forholdsmessige høgt på statistikken over dei fylka som byggjer ned mest dyrka jord. Dette, i tillegg til nasjonal jordvernstrategi, har gjort at Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vorte meir utadretta i høve til både politikaropplæring og direkte kontakt med kommunane.

Jorda må brukast til å dyrke mat, t.d. poteter i Sunndal.
Jorda må brukast til å dyrke mat, t.d. poteter i Sunndal. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Det er kommunane som er den viktigaste jordvernmyndigheita, ved at dei vedtek omdisponering av areal, både gjennom jordlova og plan- og bygningslova. Landbruksavdelinga vil no aktivt ut til kommunane i ei endå meir proaktiv rolle, i tillegg  til det daglege arbeid med uttaler til dispensasjons­saker, reguleringsplanar og kommuneplanar. Landbruksdirektøren har vore på møte med alle dei tre  regionråda i fylket, der temaet hovudsakleg var nasjonal jordvernstrategi. Vidare skal vi i gang med kommunebesøk, der tematikken jordvern blir den raude tråden, og vi skal møte politiske råd og utval som har myndigheit i arealpolitikken. Fylkesmannen har avtalt 6 kommunemøte på vårparten, og same talet til hausten.

Statens vegvesen er også ein viktig aktør

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ikkje hatt for vane å fremje motsegn på vegne av landbruksinteressene til vegutbyggingar med stor samfunnsmessige verdi. I Møre og Romsdal er det mange samferdsleprosjekt på gang, særskilt utbetring av E39 og E136. Slike prosjekt kjem som oftast i interessekonflikt med landbruksareal. Berre på strekninga mellom Lønset og Hjelset i Molde kommune, går det tapt ca. 100 daa med dyrka jord til ny E39. Basert på tidlegare erfaring har Fylkesmannen teke initiativ til ei arbeidsgruppe med Statens vegvesen, for å sjå korleis landbruksomsyna kan verte betre ivaretekne gjennom heile prosessen, frå planlegging til bygging og drift. Arbeidsgruppa skal legge fram ein rapport med råd om forbetringar i dei ulike delane  i eit vegprosjekt, og samstundes arrangere ein landbruks-fagdag for tilsette i Statens vegvesen.

Jordvernforeininga gir auka fokus

Jordvernforeininga Møre og Romsdal vart danna 15. februar 2016, og bidreg med auka fokus på jordvern og problemstillingar knytt til arealbrukskonflikter lokalt og regionalt. Foreininga arrangerer møte og konferansar, som til no har hatt godt oppmøte både med ordførarar, politikarar og andre interessentar. Fylkesmannen har delteke på kvart arrangement så langt, med faginnlegg frå landbruksdirektør og jurist, for å belyse nasjonal politikk og lovmessige rammer. Vi vil fortsette å bidra aktivt med kunnskapsformidling i desse fora, for eit sterkare jordvern i Møre og Romsdal.

Informasjon er viktig

Landbruksavdelinga har det siste året arbeida aktivt med ny heimeside på fylkesmannen.no for Møre og Romsdal. Vi publiserer stadig artiklar om jordvern, både nasjonale og regionale nyheiter, og vi skriv artiklar når settefylkesmannen har handsama våre klager på dispensasjonssaker, og når vi fremjer motsegn til regulerings- og kommuneplaner. Dette gjer vi for at kommunane skal få sjå korleis Fylkesmannen tenkjer og prioriterer innanfor jordvern og arealbrukskonflikter, slik at vårt arbeid vert gjennomsynleg for alle. Den siste nyheitssaka på heimesida var at vi innstilte Averøy kommune som frå Møre og Romsdal sin kandidat til nasjonal jordvernpris.

Kontaktperson:
Rådgivar Tormod Meisingset, fmmrtome@fylkesmannen.no, 71 25 84 04.

Samordna grovfôrrådgiving kan gi auka avlingar og betre fôrkvalitet

Auka grovfôravlingar og betre tilpassa grovfôrkvalitet.  Dette har vore to av dei viktigaste måla i prosjektet «Best på fôr». To grupper bønder har i fleire år jobba systematisk med å betre grovfôrdyrkinga si. I prosjektet har fleire organisasjonar arbeidd saman, for å gje bøndene samordna rådgiving om dyrking av grovfôr. 

Landbruk Nordvest drifta prosjektet, og hadde med seg rådgivarar frå Tine i eit rådgivingsteam. 

Resultatmåla for prosjektet var:

  • Gjennomføre eit treårig skreddarsydd rådgivingsopplegg innan grovfôrproduksjon for 30 bønder i Møre og Romsdal (fordelt på to delprosjekt)
  • Ta i bruk ny kunnskap på området, og sørge for «fyrtårneffekt»
  • Skape gode faglege nettverk for bønder og rådgivarar – og tettare og betre samarbeid mellom organisasjonane. 
Markdag med fokus på rett utstyr og nok kapasitet til fornying av enga.
Markdag med fokus på rett utstyr og nok kapasitet til fornying av enga. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

For å oppnå auka avling, var det mange av deltakarane som hadde som mål å fornye enga oftare, i tillegg til å betre kapasiteten på utstyr for fornying. Ikkje alle oppfylte dette målet, dette gjaldt særleg leigejorda. Seks av 11 bønder i «prosjekt 2» hadde avlingsauke frå 2014 til 2016. Fleire bønder har endra strategi for fôrdyrkinga si, slik at dei produserer fôr av ulik kvalitet på ulike skifte. Dermed kan ein til dømes produsere «sinkufôr» på skifta lengst unna, der det skal vere meir fiber og mindre energi. Deltakarane har fått eit mykje meir bevisst forhold til kva som påverkar grovfôrkvaliteten, og korleis ein får optimal kvalitet på grovfôret etter eigne behov. Deltakarane syntest det var verdifullt at eit rådgivarteam såg på utfordringane i fôrdyrkinga. 

Markvandring på Haramsøy.
Markvandring på Haramsøy. Foto: Gunn Randi Fossland/Landbruk Nordvest

Eitt av tiltaka som deltakarane var mest nøgde med, var markvandringane. Slike markvandringar – opne for alle – vert vidareførte som eit tilbod frå Landbruk Nordvest våren 2017. 

Kontaktperson:
Seniorrådgivar Synnøve Valle, fmmrsyva@fylkesmannen.no, 71 25 84 28.

Fleire vil satse på spesialisert kjøtproduksjon 

Prosjektet «Økt sau- og storfekjøttproduksjon i Møre og Romsdal» starta opp i 2014, og vart avslutta i april 2017. Ambisjonen ved prosjektstart var 5 prosent produksjonsauke i forhold til 2012. I utgangspunktet vart dette oppfatta som offensivt – men ved prosjektslutt er målsetjingane oppfylt med god margin. 

Slaktevektene på storfe har gått opp, og færre kalvar har blitt slakta.  Det er framleis underdekking på storfekjøt, og innsatsen for å få fleire til å satse på ammekuproduksjon skal halde fram etter prosjektperioden. 

Fagtur bygg for ammeku, besøk hos Sivert Mauset i Surnadal.
Fagtur bygg for ammeku, besøk hos Sivert Mauset i Surnadal. Foto: Prosjektleiar Mathilde Solli Eide/Nortura

Prosjektet har jobba med fellesarrangement, studieturar og fagmøte, - i tillegg til individuelle råd. Fleire av bøndene har konkrete planar om å satse på ammeku, og nokre har fått finansieringa gjennom Innovasjon Norge på plass.

Prosjektet har bidratt til lokale møteplassar for sauenæringa, og stimulert til lokal aktivitet i  Sau og Geit.   

Kurs om sau for nye på Tingvoll ble avsluttet med fjøsbesøk hos Rune Hanem.
Kurs om sau for nye på Tingvoll ble avsluttet med fjøsbesøk hos Rune Hanem. Foto: Prosjektleiar Mathilde Solli Eide/Nortura

Nortura har vore prosjekteigar, og jobben er gjort i samarbeid med TINE, TYR Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Sau og Geit, Møre og Romsdal Bondelag, Landbruk Nordvest, NORSØK/NIBIO og Felleskjøpet Agri.   

Kontaktperson:
Assisterande landbruksdirektør Ottar Longva, fmmrotlo@fylkesmannen.no, 71 25 84 02.
Prosjektleiar Mathilde Solli Eide,
mathilde.solli.eide@nortura.no, 481 20 936.

Nytt verktøy for vurdering og prosjektering av biogassanlegg er teke i bruk

Det er ei målsetting at innan få år skal 30% av husdyrgjødsla gjennom ein biogassreaktor. I store delar av landet er det framleis etablert svært få biogassanlegg, både totalt og anlegg der husdyrgjødsel er ei av råvarene. Slik også i Møre og Romsdal.

I Møre og Romsdal har det siste åra vore ei aukande interesse for temaet, både for mindre gardsanlegg, og for større kommersielle anlegg. Gjødsel både frå tradisjonelt husdyrhald, og frå fiskeoppdrettsanlegg, er vurdert som aktuell råvare inn i biogassreaktoren.

Husdyrgjødsel, her frå Stordal samdrift er ei aktuell råvare inn i biogassreaktorar, før den blir nytta som gjødsel på åker og eng, då som biorest.
Husdyrgjødsel, her frå Stordal samdrift er ei aktuell råvare inn i biogassreaktorar, før den blir nytta som gjødsel på åker og eng, då som biorest. Foto: Ingvar Kvande/Norsøk

Dette har ført til eit aukande behov for å få gjennomført vurderingar om realismen i ulike prosjekt. Det har etter kvart oppstått eit behov for eit effektivt, brukarvennleg og fleksibelt verktøy for rask å kunne prosjektere biogassanlegg.

Landbruk Nordvest i samarbeid med Nibio Tingvoll og Norsøk  fekk i 2015 økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Regionale forskingsfond Midt-Norge til å utvikle eit slikt verktøy. Arbeidet vart ferdig i februar 2017. Fleire landbrukskontor i Møre og Romsdal bidrog også i arbeidet.

I prosjektet "Modellverktøy for økonomisk og miljømessig vurdering ved etablering  av biogassanlegg" vart det utvikla eit verktøy som kan nyttast både til gjennomføring av innleiande vurderingar ved idear/planar om bygging av biogassanlegg (forprosjektnivå), og til endeleg prosjektering av anlegg.

Verktøyet er enkelt i bruk, og kan nyttast til vurderingar både av små gardsanlegg og større anlegg. Ein vil då i første omgang få fram gode, sikre tal som kan nyttast som beslutningsgrunnlag  til å vurdere om det er realisme i eit prosjekt. Dersom prosjektet viser seg å ha livets rett, kan verktøyet så brukast i det vidare prosjekteringsarbeidet.

Landbruk Nordvest og Norsøk nyttar no dette verktøyet til aktørar som vurderer bygging av biogassanlegg. Etter at verktøyet var ferdig  på nyåret 2017, har det vorte nytta i samband med prosjekteringsarbeidet i 5 prosjekt, både i Møre og Romsdal og nabofylke.

Kontaktperson: 
Avdelingsleder rådgjeving, Jon G. Lied, Landbruk Nordvest, jon.geirmund.lied@nlr.no, 414 48 779.
Seniorrådgiver Synnøve Valle,
fmmrsyva@fylkesmannen.no, 71 25 84 28.

MRmat for 12. gong: Kurs i lokalmat og bedriftsbygging

Over 60 personar deltok på MRmat i Fosnavåg i midten av februar.  Dei tradisjonelle kursdagane for lokalmatprodusentar, serveringsstader og gründerar vart i år arrangert for 12. gong. Matnavet på Mære, fylkesmannen, fylkeskommunen og Innovasjon Norge stod bak arrangementet.

Kursdagane vart innleia med ei felles inspirasjonssamling. Mikael Forselius fortalde om korleis mat- og reiselivsmiljøet på Røros har hatt suksess, ved å la utvikling av heile verdikjeda skje i lokalmiljøet. Aina Moldskred Krakset frå Hakallegarden på Sunnmøre viste til korleis sal av lokal mat har gitt ein positiv tilvekst på besøksgarden ho og mannen driv.

Takkebakst med Bodil Nordjore. Frå venstre; Anne-Grete Myraunet Hellberg, Bodil Nordjore og Aina Moldskred Krakset.
Takkebakst med Bodil Nordjore. Frå venstre; Anne-Grete Myraunet Hellberg, Bodil Nordjore og Aina Moldskred Krakset. Foto: Synnøve Valle/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Deltakarane kunne velje mellom ei rad kurs:

  • produksjon av varer frå kjøt,
  • fisk på menyen,
  • enkel ysting,
  • lefse- og flatbrødbaking,
  • produksjon av drikke frå frukt og bær,
  • designutvikling for bedrifter,
  • kunnskap om å bygge bedrift med «Lean Business» som verktøy.

Nasjonalt kjende matprofilar, som Bodil Nordjore og Mikael Forselius var blant kursleiarane. Leiar på Klippfiskakademiet Mindor Klauset hadde fiskekurset.

Fiskekurs med Mindor Klauset frå Klippfiskakademiet.
Fiskekurs med Mindor Klauset frå Klippfiskakademiet. Foto: Synnøve Valle/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Det var kurs i produksjon av drikke frå frukt og bær og «Bygg bedrift-kurset» som trekte flest deltakarar denne gongen.

Kontaktperson:
Rådgivar Aud Lindset Drågen,
fmmraudr@fylkesmannen.no, 71 25 85 73.

Midlar til utsiktsrydding skal gjere kulturlandskapet synleg!

Norsk landbruk har mykje å vise fram – men attgroing langs vegane har gjort kulturlandskapet nærmast usynleg på lange strekningar.  Problemet vart tatt opp i jordbruksforhandlingane i 2015, og 2016 var det første året med innsats ute i marka.  Det kom inn mange gode søknadar, og Fylkesmannen løyvde tilskot til 34 ryddeprosjekt rundt om i fylket. 

Kratt stenger utsikta til kulturlandskap i Sunndal.
Kratt stenger utsikta til kulturlandskap i Sunndal. Foto: Kåre Kristen Totlund

Engasjementet rundt ordninga er stort – og mange vil gjere ein innsats. Attgroing langs vegane er eit problem for reiselivsnæringa, og til irritasjon for fastbuande. 

Du kan søkje tilskot til utsiktsrydding i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.  Vi har lyst ut midlane for 2017 med søknadsfrist 15. mai.  Strekningane som er spesielt viktige for reiselivet kjem høgt opp på prioriteringslista, og det er også positivt om rydningsvirket kan flisast og brukast til å produsere varme.  Rydding langs vegane opnar landskapet, men skal effektane bli varige må ryddejobben følgjast opp med beiting eller andre tiltak.

Rydding opnar utsikta til kulturlandskap i Sunndal.
Rydding opnar utsikta til kulturlandskap i Sunndal. Foto: Kåre Kristen Totlund

Kontaktperson:
Rådgivar Christina Qvam Heggertveit, 
fmmrchhe@fylkesmannen.no, 71 25 85 72.

Tredrivaren i Møre og Romsdal – fleire byggjer i tre

Tre er eit miljøvennleg byggemateriale, som gir låge klimautslepp, det har stort bruksområde, kort byggetid, gir eit godt innemiljø og er dermed eit konkurransedyktig materiale på mange områder.

I samarbeid med Innovasjon Norge, Møre og Romsdal fylkeskommune, Arkitektforeninga, Skognæringsforum og Trefokus har Fylkesmannen oppretta prosjektet Tredrivaren i Møre og Romsdal. Tredrivaren skal bidra til å auke bruken og kompetansen om tre som bygningsmateriell. I tillegg skal prosjektet bidra til auka verdiskaping hos trebasert treindustri.

Tredrivaren i Møre og Romsdal skal mellom anna bidra til å styrke det offentlege si rolle som pådrivar og førebilete i forhold til framtidsretta bygg i tre, og gjennom dette også vere pådrivar i utviklinga av byggjenæringa. Gjennom offentlege innovative prosjekt skal det offentlege bruke kjøpekrafta si til meir berekraftig bruk av materialar i nye bygg. Målet er at tre skal brukast framfor stål og betong der det er mogeleg og hensiktsmessig.

Romsdal vidaregåande skule i Molde blir bygd i tre.
Romsdal vidaregåande skule i Molde blir bygd i tre. Foto: Åsmund Asper/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen går framfor med eit godt eksempel med Nye Romsdal vidaregåande skole, som oppført i massiv tre. Kontraktsdato for ferdig bygg er 13.12.2017. Arbeidet går raskare enn forventa ved bruk av massiv tre. Oppføringa ligg to månader føre skjemaet, og bygget vil bli ferdigstilt 13.10.2017. Årsaka til val av massiv tre ved oppføring av nye bygg til Romsdal Vidaregåande skole var eit ønskje om å bruke klimanøytrale byggematerialar. Romsdal vidaregåande vil bli eit godt eksempel på at det føl fleire positive effektar med auka bruk av tre i bygg. 

Kontaktperson: 
Rådgivar Christina Qvam Heggertveit,
fmmrchhe@fylkesmannen.no, 71 25 85 72.