Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2024

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, med fylgjande tema: Kartlegging av matforsyningssikkerheit i fylket, tap av lam til jerv i Reinheimen, mobiliseringsmøte om garden som ressurs og kulturlandskapsprisen til eit gardbrukarpar i Sunndal.

Møre og Romsdal er sjølvforsynt med protein

Vi er sjølvberga med protein til innbyggarane i Møre og Romsdal i dag. Grasmarkene gir oss protein i form av mjølk og kjøt frå husdyra våre. Å sikre jordbruksdrift og husdyrhald vil vere avgjerande for matforsyningsberedskapen i fylket.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kartlegg no matforsyningssikkerheita til fylket. Matforsyning er ei kjede frå jord til bord; frå produksjon og foredling, vidare til lager og distribusjon. Kartlegginga skal etterkvart danne grunnlag for vidare arbeid med risiko- og sårbarheitsanalysen for beredskapen i fylket.

Vi er eit grasfylke

Berre tre prosent av totalareala i Møre og Romsdal er jordbruksjord. Det er difor viktig å ta vare på, og ikkje bygge ned, desse areala.

Figuren under frå NIBIO sitt arealbarometer for Møre og Romsdal syner godt at vi er eit grasfylke. På den vesle biten som er jordbruksjord dyrkar vi gras og beite på 97,4 prosent. Berre 2,6 prosent av jordbruksareala vert nytta til å dyrke korn, potet, frukt, bær og grønsaker - mat som menneske kan nyttiggjere seg av direkte. Årsaka er at jordsmonn, klima, temperatur og nedbør gjer det vanskeleg å lukkast med meir varmekrevjande vekstar enn gras.

Bruk av jordbruksareal til ulike vekstar i Møre og Romsdal 2023.
Bruk av jordbruksareal til ulike vekstar i Møre og Romsdal 2023. (Kjelde NIBIO arealbarometer, Produksjonstilskot 2023, Landbruksdirektoratet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Grasetande husdyr

Sidan areala våre er godt eigna for grasproduksjon, har vi i Møre og Romsdal flest husdyr som har gras som si føde. Dette er drøvtyggarane mjølkekyr, storfe, sau og geit. Drøvtyggarane produserer kjøt og mjølk som vi menneske kan nyttiggjere oss av.

Tal og fordeling av ulike husdyrslag i Møre og Romsdal, 2023.
Tal og fordeling av ulike husdyrslag i Møre og Romsdal, 2023. (Kjelde NIBIO arealbarometer, Produksjonstilskot 2023, Landbruksdirektoratet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Potensial for meir korn, frukt og bær

Viss vi reknar på kor mykje vi produserer i jordbruket i Møre og Romsdal per innbyggar, ser vi at har veldig små menger av korn, frukt, bær og grønsaker per person. Dette er matvarer som inneheld mykje karbohydrat, vitamin og sporstoff, som er viktige i kosthaldet for å halde oss friske. Produksjon av desse matvarene har vi eit potensial for å auke, men det i særs liten grad. Vi er i hovudsak nøydde til å få desse matvarene tilført utanfrå.

Sjølvberga på protein

Om ein reknar produksjonen av egg, mjølk og kjøt i Møre og Romsdal om til kvar innbyggar i fylket, vil vi kvar av oss ha omlag 9 liter mjølk, 685 gram kjøt og 2,7 egg per innbyggar per veke. I desse matvarene er det livsviktig protein og feitt, og mengda vi produserer i dag er tilstrekkeleg til å dekkje behovet hos innbyggarane i Møre og Romsdal. I andre delar av verda er det protein som er det mest vanskelege næringsstoffet å vere sjølvberga av. Vi klarer det - i dag.

Gras og drøvtyggarar kan ete berre gras

Svin- og fjørfeproduksjonen er avhengig av kraftfôr tilført utanfrå, og kan derfor vere vanskeleg å oppretthalde i ein situasjon utan forsyningar frå omverda. Drøvtyggarane, sau og storfe, er ikkje avhengige av kraftfôr utanfrå. Dei kan klare seg berre på gras. I dag får drøvtyggarar i produksjon av mjølk og kjøt ekstra tilskot av kraftfôr, så om dei berre skal ete gras vil produksjonsmengda gå litt ned. Likevel vil våre drøvtyggarar som før seg på gras og beite vere ei sikkerheit for mattilgang for menneska her i fylket.

Vårt gull

Gras, kyr og sau er «Møre og Romsdal sitt gull». Dessverre er nedleggingstakta i desse produksjonane veldig stor. Om vi vil sikre matforsyningsberedskap i fylket må vi ta vare på jordbruket; areala, grasproduksjonen og tal drøvtyggarar som vi har i dag. Det vil sikre oss det livsviktige proteinet frå mjølk og kjøt i ei meir usikker framtid.

 

Kontakt:

Marianne Aas Halse, tlf. 71 25 84 22, marianne.halse@statsforvalteren.no

Framleis store tap av lam til jerv i Reinheimen

I fjor hadde Ulvådalen sausankarlag i Rauma rekordtap av lam til jerv. Snittet i beitelaget var 42,8 prosent tap. Også i år er det sett inn stor innsats og mange førebyggande tiltak. Snittapet av lam til jerv denne beitesesongen vart 37 prosent.

I mange år har det vore store tap av lam til jerv i fjellområda i Reinheimen i Rauma og Fjord kommunar. Også Verma beitelag hadde rekordstore tap i 2023. Snittapet deira var då på 31,4 prosent. I år var det 20 prosent.

Beitelaga har fått mykje tilskot til førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskadar i mange år, og dei har prøvd ut alle tenkjelege tiltak. Over sju millionar kroner er brukt dei siste ti åra til førebyggande og konfliktdempande tiltak. Dei har blant anna gjetar med hund i fjellet gjennom heile beitesesongen, og kvar haust tidlegsankar dei alle sau og lam ned frå fjellet innan 5. september. Det er ingen tiltak som står uprøvd - utanom tiltaket å ikkje sleppe beitedyra i fjellet.

I slutten av september var Landbruks- og matminister Geir Pollestad på besøk hos beitebrukarane i Rauma og Fjord for å høyre deira historier. Først i september hadde dette området aleine 40 prosent av dei dokumenterte tapa av lam til jerv i landet. Beitelaga fortalte at dei har forsøkt alt, men det er ikkje råd å drive med saueproduksjon, med kvalitetsslakt og avlsarbeid, når dei mister dei beste lamma både for slakt og avl. Beitelaga var tydelege på at dei treng hjelp til å finne ei løysing. Nokre sauehaldarar har i haust allereie sendt heile besetninga til slakteriet og gjeve opp, og fleire sit på gjerdet og lurar på kva dei skal gjere.

Beitelaga er takksame for at Statsråden og leiarane i rovviltnemndene i region 6 og 3 har vore på besøk og høyrt på dei. No håpar dei det finnast nye tiltak som kan få tapa av lam til jerv ned i neste beitesesong.

 

Kontakt:

Marianne Aas Halse, tlf. 71 25 84 22, marianne.halse@statsforvalteren.no

Kart over lam som er drepne av jerv frå april til mai i Noerg
Dokumenterte og antatt sikre lam drepe av jerv i perioden 01.04-05.09.2024. Skraverte område syner forvaltningsområda for jerv. (Kjelde: Rovbase) Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Mange vil utvikle garden sin

Møteserien «Garden som ressurs» har samla mange som har tankar om å utvikle eigne gardsbruk i Møre og Romsdal.

Hoppid.no er eit tilbod til alle som ønskjer å starte bedrift i Møre og Romsdal. Det er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren.

Kvar kommune har eit hoppid.no-kontor som gir gründerar hjelp i oppstarts- og utviklingsfase.

Inspirasjonsmøte

I ti møter ulike stader i fylket har lokale hoppid-kontor gitt informasjon om sitt tilbod. Det er formidla inspirasjonshistorier og servert lokal mat og drikke. Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren har også halde eit felles innlegg på møta.

Det var også sett av tid til at deltakarane fekk presenterte seg, samt dialog og uformell prat.

Dei fleste møta vart arrangert på ein arena knytt til landbruket, til dømes ein kafé med fokus på bruk av lokale råvarer, servering på garden eller gardsturisme.  

Hoppid-kontakt Tor Inge Nygård informerer om hoppid.no
Hoppid-kontakt Tor Inge Nygård informerer om hoppid.no på «Garden som ressurs»-møte i Vanylven. Foto: Foto: Marie Teigland / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Ville tenkje nytt

Det var mange ulike grunnar til at folk deltok på møta. Nokre hadde nett overtatt ein gard, andre vurderte om dei skulle. Nokre lurte på korleis dei kan lukkast med ein marknadshage, med birøkt, med gardsturisme, med sau og ull. Andre ønska informasjon om korleis dei kan satse på lokalmat, bygningsvern, biogass, sagbruk, teknologiske løysingar, Inn på tunet, servering, fruktdyrking eller sider.

Nokre kom for å få inspirasjon til korleis dei kan tenke «nytt» rundt ei gamal eller nedlagt driftseining. På møta var det stor interesse for å ta vare på og drive gardar vidare, gjerne med fleire bein å stå på.

Møteseriane bestod av to delar. Andre del vart løyst ulikt frå stad til stad. I Vanylven vart det ein studietur til Gloppen for å sjå på lokalmatsatsing- og samarbeid. På Stranda vart det arrangert birøktarkurs. I Sykkylven presenterte dei lokale tiltak, deriblant Lokalmatbutikken «Jord og Fjord» som er eit direkte resultat av «Garden som ressurs»-møte.

Sykkylven er også i gang med å arrangere eit tredje møte: eit kurs for lokalmatprodusentane i samarbeid med Kompetansenettverk Lokalmat. I Averøy og Tingvoll er det planlagt gardsgründermøteplass minst ein gong i året, samt kurs i prissetjing av gardsprodukt.

Nyoppretta butikk i Sykkylven med lokalt handverk.
Jord og Fjord - nyoppretta butikk i Sykkylven med lokalt handverk. Foto: Jord og Fjord

Møter likesinna

Tilbakemeldingar frå arrangørane er at folk uttrykkjer glede over å bli invitert til eit møte med «likesinna». «Energien i rommet når folk som er brennande engasjerte i noko møtast, er til å ta og kjenne på!» uttalte ein av deltakarane i Sykkylven.

Hopp-id-kontaktane fortel at det kjem fram fleire nye idear på møta.

Deltakarane melder at det var kjekt å møtast for å prate om gleder og utfordringar ved å eige og drive gard. Fleire uttalte at det er vanskeleg å prise eigne varer og tenester høgt nok til å få god nok forteneste. Fleire opplever også at kommunar handhevar regelverk ulik. Det kan gjere at enkelte initiativ lettare kjem i gang i ein kommune enn i ein annan. 

Mange har ein ide

– Over 300 personar har delteke på møta i år, seier May Britt Roald, hoppid.no-koordinator i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Ho er positivt overraska over kor mange som har delteke.

– Det er heilt tydeleg at mange går med tankar, idear og spørsmål om kva grep dei kan gjere for å ivareta gardane sine. Kanskje på ein litt ny og annleis måte enn før? Vi håpar møta vil føre til initiativ og tiltak som kan bere frukter i mange år framover, med god støtte frå lokale hoppid- og landbrukskontor, seier Roald.

 

Kontakt:

Marie Teigland, tlf. 71 25 84 39, marie.teigland@statsforvalteren.no

Ny skogsbilveg frå Lønset til Hjelset i samband med ny E39

I samband med nytt sjukehus på Hjelset, aust for Molde, er det bygd ny E39 utan avkøyring frå Hjelset til Lønset aust for Molde. Dette førte til behov for ny skogsbilveg i området. 

Skoglia frå Lønset til Hjelset har hatt dårleg vegdekning. Skogbruket hadde behov for nye vegar, då om lag 40 eigedommar med totalt skogareal på omlag 5000 daa og 1700 daa planta gran, ligg i området som er avgrensa av ny E39. 

Tidleg planlagd saman med skogbruket

Skogbruket, kommunen og Statens vegvesen såg tidleg behovet, og allereie i 2018 var skissa for skogsbilvegen klar. Dette vart gjort lenge før det var finansiering på E39. Målet var å finne ei god løysing også for skogressursane, og samtidig redusere byggjekostnadene. Staten skulle bygge vegen for skogeigarane.

Allskog SA fekk jobben med å rydde trase, 15 meter breidde i om lag 6,35 km. Arbeidet vart starta vinter/vår 2021. Ein del tilførselsvegar og tilpassingar til eksisterande vegnett gjer totalarbeidet med skogsbilvegen større enn berre ei ny veglinje.

Samplanlegging 

Hovudanbodet på skogsbilvegen vart lyst ut hausten 2021. Tveraas Maskin og Transport, som har hovudanbodet på sjukehuset, fekk tilslaget. Det vart to vegar; Hjelset – Hagaelva (2,63 km) og Lønset – Mjelveelva (om lag 5,5 km). Tilboda varierte frå 11,6 til 34,9 millionar, noko som utgjer om lag 1 500 kr - til over 4 000 kr/meter veg.

Samplanlegging har vore nøkkelen, då det i alt er laga ni gjennomkøyringar under E39, for å gi skogeigarane god tilgang til den nye vegen.

Eit løft for skogbruket

Vegen sto ferdig hausten 2023, men det har vore en del etterarbeid med vatn, dimensjonering av stikkrenner og anna utbetring, for å tole framtidige klimaendringar og vassmengde i lia. Jordskifteretten skal fordele framtidige vedlikehaldskostnader på skogeigarane, som har fått overført vegen til seg, vederlagsfritt, etter at vegen vart ferdig godkjent.

Det har blitt ein robust veg bygd på sprengt stein, og kostnad pr meter ligg om lag på 2 000 kr/meter veg. Dette er under halvparten av kostnaden på tilsvarande tidlegare prosjekt, noko som viser effekten av samplanlegging og god dialog. Mykje overskottsstein frå skogsbilvegen vart brukt til sjukehusetomta på Hjelset.

God planlegging og tidleg involvering har gitt positive effektar, og samstundes har skogbruket fått eit løft med dette store samferdselsprosjektet.  

Vasstårnet på Sigerset
Skogsbilvegen og uferdig E39 ved vasstårnet på Sigerset. Foto: Åsmund Asper

 

Kontakt:

Åsmund Asper, tlf. 71 25 84 07, asmund.asper@statsforvalteren.no

Eikesdalen vil bevare tradisjonar i varmekjære lauvskogar

Piling (styving) av alm i Eikesdalen
Piling (styving) av alm i Eikesdalen Foto: Foto: Ragnhild Naug Aas / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Eikesdalen har frodige varmekjære lauvskogar der hassel og alm dominerer. Desse treslaga har vore rike ressursar gjennom historia, og framleis er det liv i dei gamle haustingstradisjonane.

Hausting med lange tradisjonar

Eikesdalen har eit uvanleg godt, varmt og tørt klima, som skaper eit frodig landskap med store varmekjære lauvskogar der hassel og alm dominerer.

Gjennom historia har dei to treslaga vore rike ressursar i området. Hassel har blitt brukt til tønneband, brøytestikker og flettearbeid, medan hasselnøtter var ein verdifull matressurs for både folk og dyr. For bøndene i Eikesdalen har sal av nøtter vore ei viktig inntektskjelde, ein tradisjon som har blitt gjenoppliva dei siste åra.

Almelauv og almebork var viktig vinterfôr til husdyra i tillegg til høy. Barken har også vore brukt til menneskemat, ved å male den til mjøl og bruke i brødet. Eikesdalen har ein svært stor bestand av styva alm, fordelt på mange lokalitetar.

Stort oppmøte på skjøtselskurs

I vår blei det arrangert kurs i skjøtsel av hassel og alm i Eikesdalen, i regi av Norsk landbruksrådgiving og landbruksavdelinga i Molde kommune, med full finansiering frå UKL-midlar. Over 60 deltakarar møtte opp og blei grundig lært opp i skjøtsel, både praktisk og teoretisk. Deltakarane fekk også foredrag om samanhengen mellom artane som finst i varmekjære lauvskogar og den kulturhistoriske bruken av hassel og alm.

Godt oppmøte på skjøtselskurs.
Godt oppmøte på skjøtselskurs. Deltakarane fekk ein praktisk demonstrasjon i skjøtsel av hassel. Foto: Ragnhild Naug Aas / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Framtidige tiltak for haustingsskogbruket

Eikesdalen er eit av 51 område i Noreg som har status som utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL). UKL er ei nasjonal satsing med mål om å bevare eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap, og sikre verdiar knytt til kulturlandskapet, samtidig som ein sikrar langsiktig skjøtsel og drift.

Som UKL-område satsar Eikesdalen på å bevare tradisjonane knytt til haustingsskogbruket, med særleg fokus på hassel og alm. På slutten av fjoråret fekk området utarbeidd ein eigen forvaltningsplan, der skjøtsel av hassel og alm er eit av fem prioriterte område. Målet er å halde hassel- og almeteigar i god stand, bidra til å etablere, systematisere og vidareutvikle eit erfarings- og kunnskapsbasert fagmiljø rundt å kultivere desse treslaga, og å sikre naturverdiane knytt til desse.

Det er løyvd 190 000 kroner til å utarbeide skjøtselsplanar for haustingsskogen. Miljøfagleg Utredning (MFU) har fått oppdraget med å utarbeide planane saman med grunneigarar, og dei var på synfaring i området i haust. I fyrste omgang er det åtte grunneigarar som skal få utarbeidd planar. Planane skal vere ferdige til februar 2025, slik at det kan søkast om UKL-tilskot til skjøtsel same år.

Hasselnøtter frå Eikesdalen. Foto Marit Solveig Finset
Hasselnøtter frå Eikesdalen. Foto: Marit Solveig Finset

 

Kontakt:

Ragnhild Naug Aas, tlf. 71 25 85 19, ragnhild.aas@statsforvalteren.no

Kulturlandskapsprisen 2024 til eit dyktig gardbrukarpar i Sunndal

Statsforvaltar Else-May Botten og fylkesordførar Anders Riise
- Prisvinnar flankert av Statsforvaltar Else-May Botten og fylkesordførar Anders Riise. Foto: Lars Levende / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Måndag 16. september var det folksamt på garden Østigard på Flatvad. Familie, naboar, sambygdingar og representantar frå forvaltninga var samla for å heidre Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad med Statsforvaltaren sin Kulturlandskapspris 2024.

Prisar innsats for kulturlandskapet

Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal vert tildelt dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Prisen har vorte delt ut sidan 2018.

Berekraftig landbruk i praksis

Årets vinnarar har drive garden Østigard på Flatvad i Sunndalen sidan 2005. Som heiltidsgardsbrukarar har dei utvikla ei moderne og mangfaldig drift med mjølkeproduksjon, grisehald, grasproduksjon og korn. Bruken av innmark- og utmarksressursar skapar ein heilskap på garden og legg grunnlaget for eit ope og vakkert kulturlandskap. Knut og Rita arbeider både som kulturlandskapspleiarar og i produksjonslandskapet for å sikre norsk matproduksjon. Denne kombinasjonen er avgjerande for eit berekraftig landbruk, og på dette grunnlaget fekk dei Kulturlandskapsprisen for 2024.

nordmørslån
Gardstunet er innramma av ei stor, velhalden nordmørslån, eit stabbur frå 1700-talet, ei smie frå 1800-talet og grisefjøset. Foto: Ragnhild N. Aas / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Samling under Sunndalsfjella

På dagen for utdelinga låg havskodda tungt over Sunndalen, men etter kvart titta sola fram over dei majestetiske Sunndalsfjella.

Områdedirektør for berekraftig naturbruk hos Statsforvaltaren, Frank Madsøy, ønskte velkommen. Statsforvaltar Else- May Botten og fylkesordførar Anders Riise heldt gratulasjonstale og delte ut prisen som består av eit tresnitt, ein plakett, eit diplom og 10 000 kroner.

Deretter fekk prisvinnarane ordet. Rita Dyrnes Flatvad sa at dei både vart overraska og takksame for prisen. Ho trakk fram tydinga av å ha ein stor familie rundt seg, og viste til at det i dag bur tre generasjonar på garden som deltek i drifta. Vidare vende ho seg til frammøtte sambygdingar og naboar, og takka for at dei får leige jord. Det gjer det mogleg å drive garden i det omfanget dei gjer i dag. Knut la så vekt på tydinga av kvardagsmaten, og at den må vere sunn og norskprodusert.

Ordførar i Sunndal kommune, Ståle Refstie, helste frå kommunen. Han sa dei er stolte av det gode og allsidige landbruket i kommunen, og at gardbrukarparet er svært gode ambassadørar for dette.

 

Tradisjonsmat frå samvirka til lunsj

Prisvinnarane ønska at maten skulle kome frå samvirka som garden leverer til. På menyen sto derfor rømmegraut frå Tine, akkompagnert av spekemat frå Nortura. Til dessert var det vaflar med smørgraut, eller «bakkels med græt» som dei seier i Sunndal. Dette er tradisjonsmat for området. All maten blei levert av det lokale kafé- og cateringselskapet «Timian og Persille» på Sunndalsøra.

Prisvinnarar og gjester åt god mat i godt lag i vestlandsk fjordlandskap
Prisvinnarar og gjester åt god mat i godt lag. Foto: Ragnhild N. Aas / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Frå kjøkenhage til kufjøs: Ei omvising

Etter lunsj var det klart for omvising på garden. Rita har i mange år hatt besøksgard for barnehagar og skular. I kjøkenhagen har barna fått dyrke sin eigen mat, og lært om og opplevd aktivt landbruk. Eit stort beiteområde bakom fjøset blei rydda i 2020 og omfattar fleire eigedomar. For Knut og Rita var formålet med beiteryddinga todelt: å ta tilbake kulturlandskapet slik det opphavleg var, og gjere det lettare å ha kontroll med beiting ved heile tida å kunne sjå dyra. Omvisinga vart avslutta med eit besøk på galleriet i fjøset.

Utsikt utover beoiteområde bakom fjøset. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/ Ragnhild N. Aas
Utsikt utover beoiteområde bakom fjøset. Foto: Ragnhild N. Aas / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Dei frammøtte var imponerte over den allsidige og ikkje minst gode drifta på garden. Vi takkar Knut og Rita for ein flott dag!

 

Kontakt:

Ragnhild Naug Aas, tlf. 71 25 85 19, ragnhild.aas@statsforvalteren.no