Fylkesnytt frå Vestland 2/2024

Statsforvaltaren i Vestland er ute med et nytt nummer av Fylkesnytt, med mellom anna bandtvang og satsing på kulturlandskap.

Bandtvang og haldningsskapande arbeid

Informasjonskampanjen om laushund og bandtvang syner at det er behov for mykje haldningsskapande informasjonsarbeid. Forståing er eit viktig stikkord.

Sauer beitar i strandsona i Hoddevika i Stad på Vestlandet.
Sauer i Hoddevik ved Stad. Foto: Mary Ueland / Statsforvaltaren i Vestland

I sommar har vi hatt ein informasjonskampanje om laushund og bandtvang saman med Vest Politidistrikt, fordi beitenæringa er fortvila over ei negativ utvikling i skadar på småfe over fleire år. Målet med kampanjen var å spreie informasjon ut til alle som rører seg i utmarka, både beitebrukarar og turgåarar, med og utan hund.

Vi har fått mykje respons på kampanjen. Natur- og friluftsorganisasjonar i fylket delte plakat og tekst i sosiale media, NRK Vestland har skrive artiklar og hatt innslag i radio og Vestlandsrevyen, og lokalaviser har skrive om konkrete hendingar i løpet av beitesesongen. Informasjonen har nådd ut til mange, men likevel er det beitebrukarar som har sagt at problemet aldri har vore så stort som i år. Politiet har også fått mange meldingar frå publikum om hundar som går lause.

Landbruket har ein viktig jobb framfor seg, med folkeopplysning og haldningsskapande arbeid. Det vert færre bønder og folk med tilknyting til landbruk, og det syner att i konfliktar. Det gjeld for mange tema, og oppførsel rundt beitedyr er berre eitt av dei. Vi ser det som viktig å ikkje berre presisere reglar og forbod, men bruke tid til å skape forståing for kvifor det er viktig å vise omsyn.

Kontaktperson: Maria Makloufi Skjold, e-post: maria.makloufi.skjold@statsforvalteren.no,  tlf: 55 57 20 09

Satsing på kulturlandskap i verdsklasse

I år fekk bøndene i verdsarvbygda Undredal den nasjonale kulturlandskapsprisen. Dei gjer eit imponerande arbeid med drift og utvikling i samspel med kulturlandskap og natur. Med gode støtteordningar og lokalt engasjement går fleire bygder i Vestland i same retning.

Bildeserie med bilde frå bygda Undredal i Aurland i fjordlandskap. Landskapet er ført opp på UNESCO si liste.
I kombinasjon med ny og gamal teknologi, og støtte frå kulturlandskapsmidlar, har ein ny generasjon satsa på framtida som bonde i Undredal. Foto: Lisanne De Blécourt

Sju landskap i vest

Det er sju utvalde kulturlandskap (UKL) i Vestland, og saman med midlar frå Regionalt miljøprogram (RMP) og Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), får verdifulle kulturlandskap i heile Vestland eit ekstra løft kvart år. Dei utvalde kulturlandskapa i Vestland er spreidde frå Stad i nordvest til Ormeli i Indre Sogn, til dei større jordbrukslandskapa i Lærdal og Ullensvang, og dei inste fjordarmane i Sogn og Hardanger. Nokre plassar har spesielt stort artsmangfald og tidsdjupne i landskapet, som til dømes dei sørvendte slåtteteigane i Gjuvslandslia på Varaldsøy i Kvinnherad, eller liene med styvingstre på Grinde og Engjasete i Sogndal kommune. 

Det er sju utvalde kulturlandskap (UKL) i Vestland, og saman med midlar frå Regionalt miljøprogram (RMP) og SMIL, får verdifulle kulturlandskap i heile Vestland eit ekstra løft kvart år. Dei utvalde kulturlandskapa i Vestland er spreidd frå Stad i nordvest til Ormeli indre Sogn, til dei større jordbrukslandskapa i Lærdal og Ullensvang i dei inste fjordarmane i både Sogn og Hardanger. Nokre plassar har spesielt stort artsmangfald og tidsdjupne i landskapet, som til dømes dei sørvendte slåtteteigane i Gjuvslandslia på Varaldsøy i Kvinnherad eller liene med styvingstre på Grinde og Engjasete i Sogndal kommune. 

Ekstra ressursar er viktig

Topografien på Vestlandet set grenser for storleik og utforming av jordbruksareala. Mange stader der det difor behov for ekstra innsats for å oppretthalde drifta og ta vare på verdiane. Kulturlandskapet i fjellet og i fjord- og kystlandskapet er skapt av landbruk, særleg gjennom hausting av grovfôr med slått og beiting. Når kulturlandskapet gror igjen, vil det få fylgjer både for landbruket, lokal busetnad, tilgjenge i naturen, biologisk mangfald og for reiselivet.

God støtte

Kommunane forvaltar årleg midlane til RMP, SMIL, UKL og Verdsarvordninga. Godt skjønn og grundige skjøtsel- og forvaltningsplanar er grunnlag for tildeling av støtte. Statsforvaltaren i Vestlands si landbruksavdeling og klima- og miljøavdeling støttar kommunane i samarbeid. Her er det overlappande arbeid mellom verneområde, utvalde kulturlandskap eller verdsarvområde. Dette gir gode synergiar og god støtte til forvaltninga lokalt og til produsentane.

Kontaktperson Frøydis Lindén, e-post: froydis.linden@statsforvalteren.no tlf: 905 52 194

 

SMIL og etablering av kantvegetasjon

Landbruket i Vestland har lenge vore kjent for opne landskap og barberte elvekantar, og dette har lenge vore sett på som eit ideal. Men er dette eigentleg bra for livet i elva?

Kantvegetasjon i Kvinnherad i Vestland. Bildet viser ein sti med gras på båe sidene. Til venstre i bildet, ser ein ei elv.
Ein veletablert kantvegetasjon på begge sider av Storelva, i Kvinnherad kommune. Foto: Martin Grønnesby Søgnen / Statsforvaltaren i Vestland

Nytt ideal
I dei seinare åra har det vore aukande merksemd omkring naturmangfald og reduksjon i avrenning frå landbruksareala. I Vestland er det mange vassførekomstar som ikkje oppnår miljømåla i vassforvaltningsplanen, og i fleire område har det kome forslag på tiltak som kan gjennomførast.

Eit avbøtande tiltak, som ein kan få god støtte til, er å etablere kantvegetasjon med buskar og tre. Dei mest aktuelle områda for eit slikt tiltak er elvestrekningar som er utsett for erosjon, og der rotsystemet til buskar og kratt vil armere kantane. Dette er eit godt alternativ til steinsetting av elvekanten. Buskar og tre kan også kombinerast med steinsetting, noko som må vurderast når eit tiltak vert planlagt.

Statsforvaltaren i Vestland besøkte nokre av kommunane i vårt langstrakte fylke i sommar. Eit av stoppa var i Kvinnherad kommune, der vi mellom anna såg på gjødselbruk, avstand til vassdrag i jordbruksdrift og kantvegetasjon. Langs eit strekke av Storelva på 1,2 km er det i overkant av 900 dekar med fulldyrka jord som er drenert mot den aktuelle elva. I tillegg til ein godt etablert kantvegetasjon langs store deler av elva, er også det meste av areala gjødsla med nedleggingsutstyr og tilførselslange, som er ein del av regionalt miljøprogram for Vestland.

Kan eg søkje om økonomisk støtte?
Grunneigar eller drivar kan få tilskot gjennom SMIL-ordninga (spesielle miljøtiltak i jordbruket)  til planlegging og etablering av permanent kantsone, om dette er eit tiltak for å forbetre vassmiljøet. Gjennom god planlegging kan vi kome fram til løysningar som reduserer ulempene for landbruksdrifta. Det er viktig å ha landbruksdrifta i tankane heile tida, ved planlegging og gjennomføring av eit slikt tiltak. Ein vanleg måte å drenere på er at det ligg dreneringsrøyr frå landbruksjorda og ut i elva. Då er det fare for at planterøtene veks inn drensrøyra og tettar dei. Det er derfor viktig med røyr utan opningar gjennom kantvegetasjonen.

Kontaktperson: Martin Grønnesby Søgnen, e-post: martin.sognen@statsforvalteren.no,  tlf: 57 64 30 79

Avlingsprognosar på frukt

Det er viktig både for fruktprodusent og grossist å stadig utvikle sikrare avlingsprognosar. Bruk av historiske vêrdata kan bidra til dette. 

Plommer ligg tett i tett. dei er hausta i Ullensvang i Hardanger.
Plommer frå Ullensvang. Foto: Ragna Flotve / Statsforvaltaren i Vestland

Som partnar i Senter for forskingsdrive innovasjon (SFI), Climate Futures, får Statsforvaltaren innsikt i mange spennande prosjekt knytt til landbruk. Eit døme er samarbeidet mellom Gartnarhallen og Norsk Regnesentral om å utvikle ein statistisk modell for avling. Modellen koplar historiske produksjonsdata frå Fruktklienten opp mot historiske vêrdata henta frå Meteorologisk Institutt.

Nora Røhnebæk Aasen, forskar ved Norsk Regnesentral, er ei av dei som jobbar med modellen.  Ho fortel at tal tre, sort, pakkeri og temperatur blir tatt omsyn til. Mellom anna nyttar dei  varmesummen for sesongen og gjennomsnittstemperaturen over 6° C i mars og april. Det er positiv samanheng mellom varmesummen for sesongen og avlingsmengd, medan ein høg gjennomsnittstemperatur i mars og april hadde ein negativ effekt på avlinga. Sistnemnde heng truleg saman med at ein varm vår framskundar blomstring i ein periode der det framleis er fare for frost, og dermed dårleg fruktsetting.

Prosjektet er inne i sitt andre år. Resultata viser at prognosane traff ganske godt i fjor (Figur 1). Etter som våren i år var veldig varm, viste dei første prognosane at avlinga ville bli litt låge. Etter kvart som mai og juni også vart varme månadar, auka avlingsprognosane mykje. Per i dag ser det ut som at modellen vil treffe relativt bra.

Avlsprognose for plommer veke for veke. Prognosen viser at avlinga steig betydeleg i veke 36-40
Foto: Statsforvaltaren i Vestland

Det har vore ei utfording å finne nokre få variablar som kan brukast i modellen som forklarar eitt år med dagleg vêrdata. I tillegg er det vanskeleg å lage prognosar tidleg i sesongen, fordi vêrvarsla for resten av sesongen framleis er usikre. I det vidare arbeidet blir det lagt vekt på å finne den ideelle balansen mellom robustheit og fleksibilitet. Det blir også lagt stor vekt på å finne gode måtar å kommunisere usikkerheit i modellen til brukarane. 

Nora skryt av samarbeidet med Gartnarhallen. Dialogen med Gartnarhallen, spesielt Gabriela Lundberg og Harald Blaaflat Mundal, har vore viktig.  Mundal er sjølv fruktprodusent og har bidrege med viktig innsikt og informasjon. Nora har besøkt garden hans i Lærdal. Der fekk ho også høve til å besøke pakkeriet til Sogn frukt og grønt. Dette er eit av pakkeria som bidreg med data inn i prosjektet. 

Statsforvaltaren ønsker lukke til med vidare arbeid. Det blir spennande å sjå om prognosen i år treff!

Kontaktperson: Synnøve Vonen Kvaal, e-post: synnove.kvaal@statsforvalteren.no, tlf: 57 64 30 67

Det er rom for meir hengebjørk i skogbruket

Hengebjørka er satsa lite på i Vestland, men mange stader har ho gode vekstvilkår. Det er ingen tvil om at hengebjørka fortener ein større plass i skogbruket vårt.

Skogsbesøk. Sjekkar tilstanden.
Arnt Laukeland frå Skogkurs midt inne i bestandet. Foto: Ruben Bøthun / Skogselskapet

Tradisjonelt har det vore merksemd omkring sanking av furufrø ved gode frøår til skogbruket på Vestlandet. Etter eit webinar med Skogfrøverket i byrjinga av april, om frøtilgang på Vestlandet, fann vi ut at bjørkefrø ikkje er så godt tilgjengeleg. Skogfrøverket har ein frøbank av hengebjørk frå 2013, frå Nessane i Sogn. Dette frøet byrjar å bli gamalt. Spiringa blir dårlegare med åra, og det var på tide å forsterke lageret med frø.

Nessane ligg ved Sognefjorden, i det midtre sankeområdet for Sogn og Fjordane. I denne delen av Sognefjorden er det god kvalitet på hengebjørka, og vi kan sjå reine bestandar av hengebjørk langs vegen. Trea er planta i 1994, basert på eit utval av lokale tre med fin utsjånad og god tømmerkvalitet. Etter 30 år er det i dag trehøgder på 18-19 m, så det er gode vekstvilkår for hengebjørk.

Innsamlinga av frø blei gjort den 16. juli. I år var frøet moge litt tidlegare enn vanleg, grunna ein tidleg og varm vår. Bestanden er ikkje stort, ca. to dekar, og for å få tilstrekkeleg genetisk variasjon i materialet blei det felt tolv tre og plukka raklar frå desse. I fuktig tilstand vart det i alt fire kg frø. To dagsverk gjekk med til dette arbeidet. I skrivande stund er frøa reinsa, og Skogfrøverket vil teste spiredyktigheit. 

Til komande bruk vil planter av desse frøa kunne brukast overalt på Vestlandet der hengebjørk trivst. Den trivst best på morenejord, hovudsakleg i indre fjordstrok og i lune lier. Indre delar av Nordfjord, Hardanger og Sogn vil vere aktuelle lokalitetar. Forsøk med hengebjørk i midtre og ytre fjordstrok har vist god vekst i ungdomen, for så, etter 15-20 år, få haustskadar og tidleg død. Kystklima kan difor ikkje anbefalast for dette frømaterialet.

Planting og avsetning

Tal frå Landbruksdirektoratet viser ei beskjeden planting av hengebjørk i Noreg, totalt frå 2020 – 2023 ca. 275 000 planter. I fjor var berre 0,13 % av all utplanting hengebjørk. Planteproduksjon av bjørk er marginal i det norske skogbruket, grunna den låge etterspørselen.

Når det gjeld avsetning av tømmer er det, utanom energivirke/vedtømmer, ei beskjeden omsetning av t.d. sagtømmer. I vedmarknaden kan skogeigar no få 600 – 700 kr/m3. Gode tømmerkvalitetar kan gje mykje betre betaling. Finértømmer, altså kvistfritt virke, krev ungskogpleie, tidleg stammekvisting og gjerne tynning i fleire omgangar. i Finland vart slikt tømmer betalt like oppunder 2000 kr/m3 for nokre år sidan.

Kontaktperson: Torgrim Østgård, e-post: torgrim.ostgard@statsforvalteren.no,  tlf: 57 64 30 66