Energi til arbeid
Vegkart for hydrogen: Knutepunkt og forsking
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 029/21 | Dato: 11.06.2021
Som del av stortingsmeldinga om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar legg regjeringa i dag fram eit vegkart for hydrogen. På kort sikt er ambisjonen å etablere knutepunkt for hydrogen innan maritim transport og styrke hydrogenforskinga.
— Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050. Hydrogen kan vere ein viktig energiberar for å kutte utslepp, særleg innan transport. Samstundes må både marknaden og teknologien utviklast. Difor rettar vi innsatsen mot desse områda, seier olje- og energiminister Tina Bru.
Vegkartet har som visjon at det i 2050 er etablert ein marknad for produksjon og bruk av hydrogen. På kort sikt vil regjeringa fram mot 2025 legge til rette for at det i samarbeid med private aktørar kan etablerast fem hydrogenknutepunkt innan maritim transport, at det blir etablert eitt eller to industriprosjekt med tilhøyrande produksjonsanlegg og mellom fem og ti pilotprosjekt for utvikling og demonstrasjon av nye og meir kostnadseffektive hydrogenløysingar og -teknologiar.
I revidert nasjonalbudsjett føreslo regjeringa å styrke finansieringa til utvikling av infrastruktur og marknader for hydrogen, og å opprette eit forskingssenter for miljøvenleg energi (FME) om hydrogen og ammoniakk.
På mellomlang sikt, det vil seie fram mot 2030, set regjeringa som ambisjon at hydrogen er etablert som eit reelt alternativ i maritim sektor, og at det er utsikter til marknadsbasert utvikling.
Det er allereie mange verkemiddel som støttar opp under utviklinga av hydrogen. Ei samordning av verkemiddelapparatet er ein sentral del av vegkartet, og vil gjere det lettare for myndigheitene å gje ei god oppfølgjing av gode idear og initiativ innan hydrogen. Noregs forskingsråd og Enova lanserer i dag samarbeidet HEILO – Hydrogen som energiberar for lågutslepp og omstilling.
Regjeringa lanserte ein hydrogenstrategi i juni 2020 og vegkartet er ei oppfølgjing av strategien.
Les meir om vegkartet for hydrogen i stortingsmeldinga.