Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 46

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 15. november

Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer gjenvinningsbedrifta Revac, der han skal opne bedrifta sitt nye energisystem. Revac har blant anna montert solceller på taket. Desse leverer om lag 30 prosent av bedrifta sitt straumforbruk. Stad: Haukeveien 11, Revetal.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Kl. 12.30: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med NITO.

Kl. 14.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Høyanger Næringsforening.

Onsdag 16. november

Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på OG21-forum. Tema for forumet er Noregs rolle som ein påliteleg og langsiktig energileverandør gjennom energitransformasjonen. Statsråden skal òg dele ut prisen «OG21 Technology Champion 2022». OG21 arbeider for effektiv, sikker og miljøvennleg verdiskaping frå norske olje- og gassressursar. Konferansen går føre seg hjå Forskingsrådet. Adresse: Drammensveien 288, Lysaker.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.

Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

Kl. 16.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Vandrehallen på Stortinget.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Torsdag 17. november

Kl. 11.10: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Angolas energiminister og Angolas petroleums- og mineralminister.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Fredag 18. november

Kl. 08.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på frukostmøte i regi av Larvik Næringsforening og Østlands-Posten. Tema for møtet er kraftmarknad og næringsliv.
Stad: Quality Grand Hotel, Larvik.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Vestmarkonferansen.

Stad: Kragerø Resort, Stabbestad. 

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.