Statsbudsjettet 2024

Går inn for auka satsing på teknologi og digitalisering

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Digitalisering og bruk av ny teknologi bidrar til høg mobilitet, god samfunnstryggleik og beredskap. I statsbudsjettet for 2024 prioriterer vi meir til teknologi og digitale løysingar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa å setje av 150 millionar kroner til teknologiutvikling. Av dette er 100 millionar kroner sette av til utvikling av teknologi og digitale løysingar i Statens vegvesen og 50 millionar kroner til vidare utvikling av sals- og billetteringsplattforma til Entur AS.

Ny teknologi og digitalisering i vegsektoren

Bruk av dei norske vegane har ein stor verdi for samfunnet, og auka mobilitet gir høgare produktivitet i heile landet. Statens vegvesen skal i 2024 arbeide med betre framkome, betre handtering av ras og flaum, og auke bruken av intelligente transportsystem (ITS). På dette området vil det bli arbeidd innanfor tre strategiske retningar:

  1. Framtidas digitale veg inneber at den fysiske infrastrukturen blir integrert med den digitale infrastrukturen. Nasjonal vegdatabank er navet i det framtidige digitale vegnettet og skal Det skal og arbeidast vidare med ei dataplattform som vil gje betre innsikt, analysar og styringsinformasjon.

  2. Heildigitalisert verdikjede for veg. Planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvalting av vegar skal digitaliserast, og informasjonen om vegane skal vere tilgjengeleg for relevante aktørar. Neste år skal forvalting av anlegg, handtering av naturfare og effektivitet innan drift og vedlikehald prioriterast.

  3. Digitale nyttetenester for kundane. I 2024 skal det blant anna prioriterast tenester som gir betre skredkontroll og betre framkome på fjellovergangane. Vidare skal det leggjast opp til risikobasert utekontroll, slik at lovbrytarar og utrygge køyretøy lettare kan identifiserast, og det skal arbeidast vidare med nye tenester.

– Med denne prioriteringa kan Statens vegvesen auke innsatsen på eit felt som blir stadig viktigare. Digitaliseringa og ny teknologi gir auka mobilitet og høgare effektivitet ved bygging, drift og vedlikehald. Nye sjølvbetente løysingar gjer at folk sparer både tid og kostnader, noko som også gir mindre forureining og klimagassutslepp, seier samferdselsministeren.

Betre tenester for kollektivreisande

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Entur med 50 millionar kroner. Auken skal blant anna gå til vidareutvikling av ei felles plattform for sal av kollektivbillettar i Noreg, samt leggje til rette for sal av internasjonale togbillettar gjennom løysinga til Entur.

– Det skal vere enkelt å reise med kollektivtransport i Noreg, og regjeringa ønskjer at auken i persontransporten skal gjennomførast blant anna med kollektivtrafikk. Då treng vi ei enkel plattform for sal av billettar over heile landet, seier Nygård.