Statsbudsjettet 2024:
Garantiordning skal få fart på fornybar-investeringar i utviklingsland
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Utanriksdepartementet
Regjeringa foreslår ny statleg garantiordning for fornybar energi i utviklingsland. Ved å redusere risiko er målet å utløyse store private investeringar i fornybar energi og kamp mot fattigdom.
– Bistand er viktig, men all offentleg hjelp i verda tek oss ikkje åleine i mål for å løyse dei store globale problema i vår tid. Vi må tenkje nytt i kampen mot klimaendringane, fattigdom og ulikskap. Med dette forslaget vil vi utløyse meir private investeringar i fornybar energi i utviklingsland, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.
Garantiordninga har ei ramme på fem milliardar kroner. Den skal bidra til å byggje nettbaserte kraftverk, straumnett og annan energiinfrastruktur, energieffektivisering og innsatsar for meir produktiv bruk av energi. Dette kan til dømes òg bety at helsestasjonar, skular og flyktningleirar som ikkje er tilkopla straumnett får tilgang på fornybar energi.
Garantimottakarar kan vere bedrifter og finansinstitusjonar som vil betale premiar for å få garantien. Garantimottakarar, gjerne i dei minst utvikla landa, som ikkje har høve til å betale garantipremiar, kan få subsidiar til å dekkje garantipremiar.
Norad blir gitt det heilskaplege ansvaret for å forvalte ordninga og for at ho går i balanse på lang sikt. Norfund skal gi faglege råd og skal sørgje for ekstern risikovurdering.
Behov for store investeringar energitilgang og utsleppskutt i utviklingsland
Framleis manglar 675 millionar menneske tilgang til straum. Tidlegare framgang i arbeidet for å gi tilgang på energi for dei fattige landa i verda har snudd. Samtidig blir det investert mindre i fornybar energi i utviklingsland. Berre to prosent av årlege investeringar globalt i fornybar energi har dei siste ti åra gått til Afrika. Framveksande marknader og utviklingsland, utanom Kina, treng å auke årlege klimainvesteringar til 2 400 milliardar dollar innan 2030. OECD peikar på statlege garantiar som eit effektivt instrument.
– Noregs er eit av få land med svært god kredittverdigheit. Det gjer oss til ein trygg garantist. Vi bruker no den økonomiske tyngda vår strategisk, for å bidra til utbygging av fornybar energi i utviklingsland, og til eit globalt løft for grøn omstilling, seier Tvinnereim.
Skal på sikt finansierast med garantipremiar
Regjeringa vil at Noreg skal spele ei leiarrolle i den grøne omstillinga. Tilgang til energi er ein føresetnad for økonomisk og sosial utvikling. Det stimulerer til berekraftig økonomisk vekst og bidreg til å redusere fattigdom.
Regjeringa foreslår at det blir løyvd ei mellombels tapsavsetjing over bistandsbudsjettet i oppstartsfasen (2024 og 2025) som svarer til 15 prosent av garantiramma. Det blir derfor foreslått 375 millionar kroner i 2024. Tapsavsetjinga blir avslutta når garantipremiar tilsvarande 15 prosent av ramma er komne inn. Tapsavsetjinga skal førast tilbake til bistandsbudsjettet. Deretter vil ordninga halde fram som ein garantipremiefinansiert («unfunded») garantiordning. Ordninga vil altså på sikt berre finansierast med garantipremiar. Eventuelle tap som overstig dei innbetalte garantipremiane i ordninga blir dekte over bistandsbudsjettet.
– Vi jobbar no med den konkrete utforminga av ordninga. Eg ser fram til dialog med fagmiljø og sivilsamfunn, seier utviklingsministeren.