Geir Pollestad ny landbruks- og matminister

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Geir Pollestad (SP) er i Statsråd i dag utnemnt til ny landbruks- og matminister.

– Eg vil styrke norsk matproduksjon og gjere det norske landbruket viktigare. Norsk matproduksjon skal ta sin plass i beredskapen, sjølforsyninga, næringspolitikken og miljøpolitikken, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad
Landbruks- og matminister Geir Pollestad Foto: Torbjørn Tandberg

Geir Pollestad  er fødd i 1978 i Hå kommune i Rogaland. Han har studert økonomi ved Høgskulen i Stavanger og har juridisk embedseksamen frå Universitet i Bergen.

Pollestad har møtt fast på Stortinget frå Rogaland sidan 2009. Han har vore medlem av Energi- og miljøkomiteen og Næringskomiteen, der han var leiar frå 2014 til 2021. Han sit i dag i Finanskomiteen.

Pollestad har vore politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet, og i Olje- og energidepartementet. Han har vore statssekretær i Olje- og energidepartementet, og i Samferdselsdepartementet.

Sandra Borch, statsminister Jonas Gahr Støre og Geir Pollestad.
Sandra Borch, statsminister Jonas Gahr Støre og Geir Pollestad på Slottsplassen i dag. Foto: Martin Siewartz Nielsen/KD