Gjer endringar i trussamfunnslova
Nyheit | Dato: 25.06.2024 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa foreslår fleire endringar i trussamfunnslova. Mellom anna må no trus- og livssynssamfunn forplikte seg til å jobbe for å oppnå 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i dei styrande organa, og eit trus- og livssynssamfunn må ha 100 medlemmar for å kunne få tilskot, mot dagens krav på 50 medlemmar.
– Forslaga i proposisjonen følger opp fleire av punkta i regjeringsplattforma knytt til kriteria for støtte, representasjon av kvart kjønn i dei styrande organa og samarbeid med trus- og livssynssamfunna, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Aktivitetskrav og krav om antal medlemmar
Trus- og livssynssamfunn som krev tilskot, må no bekrefte at dei vil arbeide for å oppnå minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ som forvaltar tilskotet. Berre samfunn som over tid ikkje har tiltak, kan nektast tilskot.
– Samfunn blir ikkje nekta tilskot om dei ikkje har 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i dei styrande organa. Stillingar og verv som fyller vilkåra for lovleg forskjellsbehandling på grunn av kjønn, er unntatt frå kravet om aktivitet, seier Toppe.
Det blir òg krav om 100 medlemmer for å ha rett på registrering og tilskot, med eit unntak for å verne minoritetssamfunn: Samfunn som er registrert og har minst 100 medlemmer per 1. januar 2026, kan vere registrert og ha rett på tilskot så lenge det har minst 75 medlemmer.
– Kravet om 100 medlemmer vil bidra til at samfunna kan vareta dei ulike trus- og livssynsbehova til medlemmene på ein slik måte, og i eit slikt omfang, at det er rimeleg at det offentlege finansierer verksemda. Dette er i tråd med Stålsett-utvalets vurderingar. Fleirtalet i utvalet meinte også at det burde stillast krav om 100 medlemmer for å ha rett på tilskot, seier Toppe.
I høyringa om forslag til endringar i lova, ble det foreslått at samfunn som «motarbeider den demokratiske styreformen», skulle kunne nektast tilskot. Dette forslaget er lagt bort, men i lovproposisjonen legg departementet fram forslag til tiltak for å styrke rettleiinga og opplæringa av samfunna, og for å gjere dialogen mellom styremaktene og samfunna betre.
Andre tiltak
I proposisjonen blir det òg lagt fram tiltak for å styrke dialogen mellom trussamfunna og styresmaktene og rettleiinga og opplæringa i lov- og regelverk. Mellom anna blir det foreslått at departementet inviterer til årleg kontaktkonferanse mellom regjeringa og trus- og livssynsfeltet. Desse tiltaka inneber ikkje lovendringar.
Det blir også foreslått endringar i reglane om dobbeltmedlemskap og utrekning av tilskot. Samtidig medlemskap i eit registrert og eit uregistrert samfunn blir sidestilt med dei kategoriar av dobbeltmedlemskap som er omfatta av den gjeldande regelen i lova.
Prinsippet om at tilskota om lag skal svare til dei offentlege tilskota til Den norske kyrkja justert for medlemstal («om lag-prinsippet»), blir gjort gjeldande for alle faktorane i utrekninga av tilskota, slik det var etter den tidlegare lovgivinga.
Prop. 116 L (2023–2024) Endringer i trossamfunnsloven (aktivitets- og antallskrav)