Statsbudsjettet 2025

Gjer meir pengar til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg

Regjeringa føreslår å løyve 300 millionar kroner i tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg i 2025, knytt til bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Pengane skal gå til vidareføring og ferdigstilling av prosjekt som fekk tilsegn om tilskot i 2024 og til nye for- og hovudprosjekt som får tilsegn i 2025. Det er ein auke frå 100 millionar kroner til tilskotsordninga i 2024.

– Vi er i gang med eit viktig, nasjonalt løft for kyrkjebygg. Kyrkjene er sentrale for norske lokalsamfunn, både som aktive kyrkjer, samlingsplassar og kulturminne, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Det er kyrkjene med størst behov for vedlikehald og størst kulturhistorisk og kyrkjeleg verdi som vil bli prioritert først. I tillegg blir mellomalderkyrkjer prioriterte fram mot Nasjonaljubileet i 2030.

Statens utbytte frå Allstad AS, tidlegare Opplysningsvesenets fond, skal nyttast til å sette i stand kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Midlane blir sette inn på ein fondskonto oppretta i Noregs Bank, kalla Kyrkjebevaringsfondet.

Dei åra utbyttet frå Allstad AS er mindre enn løyvingsbehovet til kyrkjebygga, vil resterande beløp bli løyvd over statsbudsjettet, inntil den statlege forpliktinga på 10 milliardar 2024-kroner er innfridd. For 2025 er det lagt opp til å nytte 100 millionar kroner frå fondet til å finansiera delar av løyvingsbehovet på 300 millionar kroner.

– Etter ei gradvis opptrapping vil årlege utbetalingar gjennom tilskotsordninga bli på inntil 500 millionar 2024-kroner. Tempoet i opptrappinga er avhengig av behova for istandsetjing og kapasiteten i marknaden til denne typen oppdrag, seier Toppe.

Det er ein premiss for den auka innsatsen til staten at det ikkje skal avløyse det økonomiske ansvaret til kommunane for kyrkjebygga. Kommunane som får tilskot til istandsetjing av kyrkjebygg, må derfor stille med eigendel (medfinansiering) av det enkelte bevaringsprosjektet.