God kornavling gjev mindre behov for import

Fjoråret var prega av store vêrutfordringar både i nord og sør. Det førte til låg produksjon og dårleg kornkvalitet. I år ser prognosen mykje betre ut.

Tresking i Steinkjer.
Tilgangen til norsk havre og bygg ser ut til å bli god den komande sesongen, ifølgje ein analyse frå Felleskjøpet Agri marknadsregulator. Denne skurtreskjaren treskjer ein åker i Steinkjer. Foto: Anne Berit Lein

Ifølgje ein prognose frå Felleskjøpet Agri marknadsregulator, er den norske produksjonen i år venta å bli på over 1,2 millionar tonn korn. Det er ein auke på nærmare 50 prosent sett opp mot førre sesong. Dette vil føra til meir norsk korn og lågare behov for import.

– Matkorndyrkinga i Noreg har hatt ei fantastisk utvikling. Frå nærare ingenting i 1970 til toppåret i 2022, då 80 prosent av kornet nordmenn åt var dyrka i Noreg. Det gjev oss ein forsterka beredskap, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Pollestad i kornåker
Landbruks- og matminister Geir Pollestad seier at utviklinga i den norske matkorndyrkinga gjev ein forsterka beredskap. Foto: Franziska Schminke / DSS

IGC (Det internasjonale kornrådet) rapporterer om svingande avlingar på den internasjonale marknaden.

På den norske matkornkvoten er det fyrst og fremst kveite som blir importert, og produksjonen ser ut til å bli høg denne sesongen. IGC estimerer ein produksjon på rundt 799 millionar tonn. 

Internasjonalt gjekk kveiteprisen ned i fjor. Til no i år har det vore meir variasjon i prisen. Som den største eksportøren i verda, har Russland stor innverknad på den globale marknaden. Det er venta ein 10 prosent lågare kveiteproduksjon samanlikna med førre sesong. 

EU er den nest største eksportøren av kveite, og det er venta nedgang i produksjonen der òg. USA og Canada er også store korneksportørar, og produksjonen der er venta å auka. Noreg importerer i hovudsak korn frå EU.

Ei god kornavling gjer at Noreg treng å importera mindre korn komande sesong, ifølgje Felleskjøpet Agri marknadsregulator. Dei ventar også at tilgangen på matkveite vil tredobla seg samanlikna med i fjor. Bildet er frå Nes på Romerike.
Felleskjøpet Agri marknadsregulator ventar at tilgangen på matkveite vil tredobla seg samanlikna med i fjor. Bildet er frå Nes på Romerike. Foto: Eirik Røseid

Prognosen frå Felleskjøpet Agri viser også at det kjem til å vera god tilgang på norsk havre og bygg i den komande sesongen. Marknadsregulatoren prognoserer ein tilgang til bygg på over 650.000 tonn. Havreproduksjonen er venta å bli i underkant av 300.000 tonn. Dette er ein oppgang på høvesvis 47 og 56 prosent frå tilgangen året før.