God kornavling i år
Nyheit | Dato: 17.08.2022 | Landbruks- og matdepartementet
Første prognose for årets kornavling frå Felleskjøpet Agri ligg 10 prosent over avlinga i fjor og omlag som avlinga i 2020.
Marknadsregulator Felleskjøpet Agri har lagt fram den første prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2022/2023. Totalt prognosert avling for 2022 er 1 245 000 tonn, opp 10 prosent frå avlinga i 2021 på 1 132 900 i tonn og så vidt under avlinga i 2020 på 1 250 356 tonn.
Andelen av avlinga som innfrir krava til matkorn er avhengig av vêret framover og er førebels usikker. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data. Førebels er utsiktene for kvaliteten av matkveiten vurdert som gode, skriv Felleskjøpet.
- Les meir hjå Fellekjøpet Agri: God kornavling - Nyheter - Norske Felleskjøp (fk.no)