Gode husdyrbeite i verdsarvområdet Geiranger
Nyheit | Dato: 27.03.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Mange av utmarksbeita i verdsarvsområdet Geiranger er klassifisert som svært gode, viser ein rapport frå NIBIO.
Kartlegginga omfattar seks utmarksbeiteområde knytte til bygdene Norddal og Geiranger: Herdalen, Kallskaret og Dyrdalen i Norddal, samt Gråsteindalen, Vesteråsdalen og Grinddalen i Geiranger. Ho har resultert i vegetasjonskart og to temakart for sau og storfe.
Av brukande beiteareal utgjer 70 prosent for sau og 74 prosent for storfe. 16 prosent av utmarksbeitearealet er svært godt beite for sau og 15 prosent for storfe. Herdalen, Gråsteindalen og Vesteråsdalen skil seg ut med dei beste beiteområda.
- Les meir i fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2025
Utmarka er ein viktig del av ressursgrunnlaget for mange gardsbruk. Ved å kartleggja vegetasjonen i eit område, får ein eit kart som gjev godt grunnlag for å vurdera beitebruk og beiteverdi for husdyr.