Godkjenner hotellområde i Ullensakers kommuneplan

Kommunal- og distriktsdepartementet har i dag godkjend at Ullensaker kommune set av eit område på Garder, vest for hovudflyplassen, til hotellføremål. − Eg er glad eg kan gje kommunen og tiltakshavar klarsignal til å utvikle dette området med eit unikt hotellkonsept, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Godkjenninga er ein del av departementets vedtak i motsegnsaka om arealdelen i kommuneplanen til Ullensaker kommune.

− Eg har i godkjenninga av området lagt vekt på at kulturlandskapet skal takast vare på og at tiltaket i liten grad vil røre dyrka mark, seier statsråden.

Vedtaket inneber òg godkjenning av eit massedeponi på Fløgstad. Føresetnaden er av ein i arbeid med reguleringsplanen kan dokumentere at tiltaket ikkje vil få negative miljøkonsekvensar. Nokre få område i kommuneplanen, mellom anna to område til bustadføremål, blir ikkje godkjende fordi dei ville ført til nedbygging av dyrka mark av høg kvalitet.

Departementet har ikkje avgjort Avinor si motsegn knytt til arealet aust for flyplassen som kan vere aktuelt for ei mogleg tredje rullebane. Ei avgjerd knytt til denne motsegna vil bli fatta så raskt som mogleg. Samferdselsdepartementet har òg sett ned eit utval som skal vurdere framtidig kapasitet og behov ved dagens lufthamn.