Godkjenner næringsområde i Froland

Kommunal- og distriktsdepartementet har i dag avgjort motsegn til kommuneplanen sin arealdel for Froland kommune. Som ein del av vedtaket har departementet godkjent at kommunen set av eit område på Bøylestad til næringsføremål.

– Vi har lagt vekt på kommunen sitt ønskje om lokale arbeidsplassar og å leggje til rette for utvikling av grøn industri. Samstundes reduserer vi naturinngrepet ved å innskrenke området til 1600 dekar og sett klare krav til den vidare planlegginga, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Opphaveleg var det føreslått eit næringsområde på 4000 dekar, men kommunen har undervegs i prosessen signalisert at ei løysing på 1600 vil vere akseptabel for dei. Statsforvaltaren hadde motsegn til planen, fordi dei meinte at nedbygging av skogen ville skade naturmangfaldet og at dette ikkje var ein god stad å leggje mange nye arbeidsplassar.

Departementet har gitt føringar for korleis naturverdiar skal takast omsyn til i den vidare planlegginga. Det er òg stilt krav om at tilkomstveg skal vere avklart før detaljregulering for næringsområdet blir vedteke, og at området ikkje skal bli planert eller på annan måte bli lagt til rette for utbygging før det er ferdig detaljregulert.