Godkjenner nytt område for grøn industri i Bamble kommune
Pressemelding | Dato: 18.03.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet har godkjent reguleringsplanen for Frier-Tråk i Bamble kommune. Planen opnar for etablering av viktig grøn industri, og kan ha stor samfunnsmessig betyding lokalt og nasjonalt.
– Regjeringa har som mål å legge til rette for grøn omstilling, berekraftig verdiskaping og lønsame arbeidsplassar i heile Noreg. Ein føresetnad for dette arbeidet er at vi sikrar industrien tilgang til gode areal og effektiv infrastruktur. Derfor seier vi ja til reguleringsplanen for Frier-Tråk, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Kommunal- og distriktsdepartementet har i si avgjerd lagt avgjerande vekt på at det planlagde industriområdet har ei attraktiv og strategisk plassering nær industrimiljøet ved Frierfjorden og viktig infrastruktur. Området legg til rette både for grøn industri og for industrietableringar som treng ei skjerma plassering av omsyn til samfunnstryggleik. Planforslaget tek også omsyn til massebalanse, samfunnstryggleik og landskapstilpassing.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark v/ miljødirektøren fremma motsegn til reguleringsplanen fordi utbygging av området vil medføre nedbygging av førekomstar av viktige naturtypar. Statsforvaltaren sende likevel saka utan tilråding til departementet med bakgrunn i den store samfunnsmessige verdien området kan ha.
Departementet har vurdert om det kan vere aktuelt å redusere utbyggingsområdet for å ta vare på noko meir av naturen, men seier ja til planen i sin heilheit for ikkje å redusere områdets attraktivitet for aktuelle industriverksemder.