Godkjenner område for akvakultur ved Helligvær
Pressemelding | Dato: 01.07.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet har i dag avgjort motsegn til kommuneplanen sin arealdel for Bodø kommune. Vedtaket inneber at eit område ved Breisundet i Helligvær vert sett av til akvakulturføremål.
–Det er ei nasjonal målsetting å sette av tilstrekkeleg areal til akvakulturnæringa, og ved å godkjenne eit område for akvakultur i Breisundet styrker vi grunnlaget for næringsaktivitet på Helligvær. Dette vil styrke moglegheita for fast busetting på øyane utanfor Bodø, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Bodø kommune godkjende akvakulturområdet ved Breisundet i juni 2022. Kommunen meiner det er viktig å sikre moglegheit for fast busetting på øyane utanfor Bodø, og at akvakulturverksemd vil bidra til dette. På grunn av uløyste motsegner frå Statsforvaltaren i Nordland og Fiskeridirektoratet blei saka send til departementet for avgjerd.
Departementet legg til grunn at det vil bli stilt krav om avbøtande tiltak i samband med handsaming av løyve etter akvakulturlova. Dette gjeld mellom anna vilkår om overvaking av sjøfugl og vurdering av tidsavgrensa løyve. Departementet endrar også føresegnene til planen slik at det ikkje er tillate med akvakultur av torsk innafor gyteområde for torsk.