Godkjenner plan for utbygging og drift av Bestlafeltet
Pressemelding | Dato: 19.11.2024 | Energidepartementet
Energidepartementet godkjende i dag utbyggingsplanen for oljefeltet Bestla.
– Det er viktig med nye utbyggingar som Bestlafeltet. Det bidreg til god utnytting av eksisterande infrastruktur og kan også forlengje levetida for Bragefeltet. Utbygginga skaper samtidig verdiar til fellesskapet og oppdrag som gir arbeid til leverandørindustrien, seier energiminister Terje Aasland (Ap).
OKEA tok over som operatør for Bragefeltet
i 2022 og har sidan då lukkast med å auke produksjonen frå feltet. Med Bestlautbygginga blir det også lagt eit viktig grunnlag for forlengd levetid og auka lønnsemd for Brage.
Investeringane i prosjektet er berekna til om lag 6 milliardar 2024-kroner. Forventa utvinnbare ressursar er i utbyggingsplanen berekna til om lag 3,8 millionar standard kubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar.
Forventa oppstart av produksjon frå feltet er i første kvartal 2027.
Godkjenningsbrevet kan du lese her: PDF-fil av dokumentet "Godkjenning av plan for utbygging og drift av Bestlafeltet".
Bakgrunn
Bestlafeltet ligg i Nordsjøen om lag 130 km vest for Bergen. Petroleumsførekomsten som blir planlagd utbygd vart påvist som funnet «Brasse» i 2016. Havdjupet i området varierer mellom 115 og 135 meter.
Bestlaprosjektet er ei havbotnutbygging med to produksjonsbrønnar som skal knytast opp mot Brage-plattforma. Det er berre behov for mindre modifikasjonar på plattforma som følgje av utbygginga. Produksjonen frå Bestlafeltet vil følgje eksisterande eksportrute for olje og gass frå Brageplattforma til høvesvis Stureterminalen og Kårstø.
Rettshavarane i Besltafeltet er OKEA ASA (operatør, 39,2788 prosent), DNO Norge AS (39,2788 prosent), Lime Petroleum AS (17 prosent) og M Vest Energy AS (4,4424 prosent).