Godkjenner plan for utbygging og drift av Eirinfeltet

Energidepartementet har i dag godkjent plan for utbygging og drift av Eirinfeltet. Eirin er eit gassfunn som ligg i den midtre delen av Nordsjøen, nordvest for Gina Krog-feltet.

Bilde av Gina Krog-plattforma.
Gina Krog-plattforma – vertsplattforma til Eirinfeltet. Foto: ©Equinor

– Utbygginga av Eirinfeltet vil vere eit bidrag til å oppretthalde norske leveransar av gass til Europa. Utbygginga skaper samtidig verdiar til fellesskapet og oppdrag som gir arbeid til norsk leverandørindustri, seier energiminister Terje Aasland.

Eit av tiltaka for å sikre høge leveransar av norsk gass til Europa i 2022 var å stanse injeksjon av gass på Gina Krog-feltet og eksportere gassen til kontinentet.

Dette har medført at det blir ledig kapasitet for gassprosessering. Utbygginga av Eirinfeltet tar i bruk denne ledige kapasiteten. Feltet skal byggjast ut med ei innretning på havbotnen med to brønnar kopla opp mot Gina Krog-plattforma. Utbygginga forlenger levetida for Gina Krog-plattforma.

– Utbygginga av Eirinfeltet viser korleis me kan vidareutvikle petroleumsverksemda; nemleg ved at nye utbyggingar tar i bruk ledig kapasitet i eksisterande infrastruktur. Det er flott å sjå at industrien held fram med å investere i nye utbyggingar, og det viser dei store moglegheitene me har for verdiskaping frå petroleumsressursane våre, seier Aasland.

Investeringane i prosjektet er berekna til om lag 4,1 milliardar 2023-kroner. Forventa utvinnbare ressursar er i utbyggingsplanen berekna til om lag 27,6 millionar fat oljeekvivalentar.

Forventa oppstart av produksjon frå feltet er i fjerde kvartal 2025.

Bakgrunn

Eirinfeltet vart påvist i 1978 og ligg i den midtre delen av Nordsjøen, om lag 9 km nordvest for Gina Krog-feltet og 250 km vest for Stavanger. Brønnstraumen frå Eirinfeltet skal transporterast via Krog-plattforma til Sleipnerfeltet og deretter til marknaden.

Utbygging av Eirinfeltet var tidlegare tenkt som ein del av utviklinga av Gina Krog-feltet og plattforma er derfor tilrettelagt for Eirin. Det er derfor kun behov for mindre modifikasjonar på Krog-plattforma.

Rettshavarane i Eirinfeltet er Equinor Energy AS (operatør, 78,2 prosent) og KUFPEC Norway AS (21,8 prosent).