Godkjenner planprogram for Hordfast
Pressemelding | Dato: 26.09.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet har i dag fastsett planprogram for statleg reguleringsplan for E39 Stord–Os (Hordfast). – Eg meiner planprogrammet gjev eit godt grunnlag for å sluttføre arbeidet med reguleringsplanen, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Reguleringsplanen følgjer opp statleg kommunedelplan for E39 Stord–Os, med nokre endringar som blir konsekvensutgreidde. Det er Statens vegvesen som har utarbeidd forslaget til planprogram. Innspel frå kommunar og privatpersonar er svarte ut eller innarbeidde i planprogrammet.
Dei viktigast endringane i forslaget til planprogram etter høyringa er:
- Konsekvensane av redusert vegstandard i prosjektet skal utgreiast, mellom anna med omsyn til kostnadar, nytte, trafikktryggleik, naturinngrep og andre miljøtema. Utgreiinga skal omfatte veg med standard tilpassa fartsgrense 90 km/t, 100 km/t, smalare 4-feltsveg og 2/3-feltsveg. Utgreiinga skal leggjast fram for Samferdselsdepartementet, som avgjer kva vegstandard som skal leggjast til grunn for det endelege planforslaget.
- Planforslaget skal ha ei eiga konsekvensutgreiing for massedeponi.
- Samanstillingsområdet i Søreidsvika, der bruelementa skal setjast saman, skal konsekvensutgreiast saman med området Hodnanes–Beltestad.
- Det er presisert at plandokumenta skal innehalde ei samla og oppdatert vurdering av konsekvensar for naturmangfald og andre aktuelle tema for heile planområdet. Dette skal supplere tidlegare gjennomført konsekvensutgreiing og sikre eit godt kunnskapsgrunnlag.
- Framdriftsplanen er oppdatert og det er lagt inn ein detaljert plan for medverknad i planarbeidet.
Prosjektet er avhengig av løyvingar i Nasjonal transportplan (NTP), som regjeringa vil leggje fram våren 2024. – I arbeidet med NTP skal Hordfast-prosjektet vurderast i ein heilskapleg samanheng, understrekar Gjelsvik.