Gram tok imot besøk frå Australias forsvarsminister

Hans Majestets Kongens Garde stilte med æresvakt då Australias visestatsminister og forsvarsminister Richard Marles kom til Oslo for å møte forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) onsdag.

Besøket fann stad berre to veker etter at forsvarsminister Gram møtte Marles i den australske hovudstaden Canberra. Der vart dei to samde om å vidareutvikle forsvars- og industrisamarbeidet mellom Noreg og Australia, og det vart kunngjort at Noreg vil styrke ambassaden i Canberra med ein forsvarsråd. I tillegg vil Forsvarsdepartementet i samarbeid med Innovasjon Noreg tilsette ein forsvarsindustriråd for å støtte norsk industri si satsing i Australia.

Visestatsminister i Australia Richard Marles blir tatt imot av forsvarsminister Bjørn Arild Gram foran Gardern
Hans Majestets Kongens Garde stilte med æresvakt då Australias visestatsminister og forsvarsminister Richard Marles kom til Oslo for å møte forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) onsdag. Foto: Torgeir Haugaard / Forsvaret

Styrkt forsvarsindustrielt samarbeid stod også på dagsordenen då Marles møtte Gram i Oslo.

– I ei tid kor autoritære statar søker nærare saman og rustar opp militært, er det avgjerande at vi styrker det felles forsvaret vårt gjennom eit tettare forsvarsindustrielt samarbeid med likesinna land. Tryggingssituasjonen i Asia og Europa heng saman, og krigen i Ukraina har vist kor viktig det er å ha ein solid forsvarsindustri, seier Bjørn Arild Gram (Sp).

Tidlegare i haust kunngjorde australske styresmakter ei avtale med Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) om at det skal byggast eit nytt missilproduksjonsanlegg i den australske byen Newcastle nær Sydney, som skal levere missil til det australske forsvaret (ADF). Avtala inneber at det for første gong blir etablert produksjon av dei norske missila JSM og NSM utanfor Kongsberg.

Onsdag reiste Gram og Marles til Kongsberg der dei fekk ei omvising i KDAs nye missilfabrikk Nexus, som fabrikken i Newcastle skal modellerast etter. Det er venta at bygginga av missilfabrikken i Newcastle skal starta opp seinare i år.

– Norske missil og luftvern er i ferd med å bli ein viktig del av forsvaret av Stillehavets sjøvegar. Det representerer ikkje berre eit nytt kapittel for den norske forsvarsindustrien, men er også eit svært viktig bidrag til global tryggleik. Forsvarsindustrien skaper ikkje berre inntekter, men han fyller også kritiske gap i vestlege og allierte lands evne til avskrekking, og styrker dermed vår felles tryggleik, avsluttar Gram.