Gratulerer med verdas urfolksdag!

I dag, 9. august, markerer vi FNs internasjonale urfolksdag. – Eg ønskjer samane, og alle verdas urfolk, til lykke med dagen. Slike felles solidaritetsdagar er viktige, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

I år er det 30 år sidan urfolksdagen vart innført. Innstiftinga fann stad i 1994, i samband med det første møtet i arbeidsgruppa for verdas urbefolkningar. 

Den internasjonale urfolksdagen er ein dag for å uttrykkje solidaritet og respekt for verdas urfolk og deira rettar. Dei siste tiåra har det i fleire land vore sannings- og forsoningsprosessar. Medan nokre kommisjonar har vorte oppretta etter krig og konflikt, er Sannings- og forsoningskommisjonen i Noreg etablert for å granske Noreg sin eigen politikk overfor samar som urfolk, og dei nasjonale minoritetane kvener/norskfinnar og skogfinnar.

Stortinget skal handsame rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonens til hausten.

Som kommisjonen sjølv påpeiker, så kan ein ikkje vedta forsoning, det krevst ein felles vilje i heile samfunnet. Regjeringa ønskjer å bidra til denne prosessen, i lag med gruppene som har blitt utsette for fornorskingspolitikken, seier statsråden.