Gratulerer Sametinget med 35-årsdagen

– Gratulerer med 35 år som demokratisk talerøyr for det samiske folket i Noreg. Sametinget er med å løfte det mangfaldige Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

I dag, 9. oktober, er det 35 år sidan Hans Majestet Kong Olav V opna det første offisielle Sametinget. I desse åra har Sametinget vore ein viktig pådrivar i mange samepolitiske saker og hatt ei tydeleg stemme for å fremje samiske synspunkt og interesser.

Dei siste åra har oppfølginga av Sannings- og forsoningskommisjonen prega mykje av diskusjonen kring tilhøva mellom dei samiske miljøa og resten av samfunnet. Kommisjonen gjorde ei historisk kartlegging av fornorskingspolitikken som vart ført tidlegare, og rapporten ligg no til behandling i Stortinget.

– Vi treng gode demokratiske prosessar mellom regjeringa og Sametinget for å førebyggje framtidige konfliktar og bidra til forsoning. Sametinget er ein livskraftig institusjon og ein viktig dialogpartnar for regjeringa. Eg ser fram til eit vidare godt samarbeid med Sametinget, seier Erling Sande.

Lihkku beivvin!