Green Mountain vert underlagt sikkerheitslova og får etablere datasenter i Innlandet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Etter ein heilskapleg vurdering blir det opna for at Green Mountain Innlandet AS får etablere datasenteranlegg i Innlandet som planlagt, med Tiktok som einaste kunde. I tillegg vert Green Mountain varsla om at selskapet vil bli underlagt sikkerheitslova. Regjeringa vil også styrke arbeidet med implementering av sikkerheitslova i heile datasenternæringa.

– Regjeringa har gjort grundige sikkerheitsvurderingar i samband med at Green Mountain har inngått avtale med TikTok som einaste kunde i det planlagde datasenteranlegget i Hamar og Løten kommune. Vi har ikkje funne grunnlag for å gripe inn i sjølve avtalen, men eg vil underleggje Green Mountain norsk sikkerheitslov ved vedtak, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. 

Etterspørselen etter datasenterkapasitet aukar verda over. Næringa kan leggje til rette for arbeidsplassar, innovasjon-, teneste- og industriutvikling. Datasenter i Noreg spelar ei sentral rolle som del av ein robust nasjonal infrastruktur. Samstundes er det utfordringar knytt til det digitale sikkerheitsbiletet, som må handterast. Implementering av sikkerheitslova vil bidra til å avhjelpe disse utfordringane.

– Når dei vert underlagt sikkerheitslova vil Green Mountain få sikkerheitsfaglege råd og rettleiing frå styresmaktene, tilgang til sikkerheitsgraderte trugsel- og sårbarheitsrapportar og får dermed opparbeida ytterlegare sikkerheitskompetanse. Dei vil også bli underlagt tilsyn etter sikkerheitslova. Det bidreg til å beskytte andre samfunnskritiske kundar i Green Mountains datasenteranlegg som er lokalisert andre stader i landet og dermed også verdiar av betydning for nasjonale sikkerheitsinteresser, seier Gjelsvik. 

Grunnlaget for regjeringa si avgjersle

For å vurdere omsynet til mellom anna nasjonal sikkerheit, har saken blitt behandla i samsvar med staten sine retningslinjer i eit interdepartementalt screeningnettverk. Kommunal- og distriktsdepartementet har mottatt sikkerheitsvurderingar frå EOS-tenestene og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Desse vurderingane og tett dialog med Green Mountain Innlandet AS har vore med på danne grunnlaget for regjeringa si avgjersle.

Nytt lovforslag om strengare regulering av datasenterar til hausten

– Noreg er ein del av ein global økonomi, og det er viktig at vi har gode investeringsvilkår. Datasenterar har til no vore for svakt regulert. Derfor tek vi no grep. Regjeringa planlegg å fremme eit lovforslag om strengare regulering av datasenterar for Stortinget til hausten. Det er avgjerande at Noreg legg til rette for ein sikker utbygging av den digitale infrastrukturen, som Noreg treng i framtida. Dette er viktig for å ta vare på norske interesser, både når det gjeld sikkerheit, beredskap og næringslivet vårt, seier Gjelsvik.

Datasenter i Noreg speler ei sentral rolle som del av denne nasjonale infrastrukturen, men fleire digitale tenester blir også drivne frå datasentre utanfor Noregs grenser.