Grønare lokalsamfunn og meir effektiv energiforbruk

Regjeringa har vedteke nye statlege planretningslinjer som skal bidra til reduserte klimagassutslepp og meir effektiv og fleksibel energibruk. Dei nye retningslinjene gir kommunane handlingsrom til å tilpasse klima- og energiplanlegginga til lokale tilhøve. Retningslinjene omhandlar og utbygging av fornybar kraft og sirkulær økonomi.

– Kommunane spelar ei nøkkelrolle i klimaomstillinga. Kommunane veit best kva for tiltak som er mest relevant hjå dei. Vi byggjer vidare på den gode erfaringa med at kommunane lagar lokale planar, innanfor nasjonale rammer, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Omsynet til klima, natur og energi er blitt meir aktuelt

Dei nye statlege planretningslinjene for klima og energi erstattar dei statlege planretningslinjene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing. 

Dei tidlegare planretningslinjene vart vedteke i 2009. Sidan den gong har det skjedd ei betydeleg utvikling i korleis kommunar arbeider med klima, og kunnskapen om klimatiltak. Dei nye retningslinjene gir overordna føringar for korleis kommunane skal fortsette å ivareta klima og energi i si areal- og samfunnsplanlegging, og i eiga verksemd. Retningslinjene legg opp til at kommunane kan tilpasse omfanget og innretninga av klima- og energiplanlegginga til lokale forhald.

– Landet er variert og det er viktig at kommunane kan planlegge ut frå sine behov og føresetnader, seier Sande

– Summen av bit-for-bit-nedbygginga av naturen er eit problem som vi må ta på alvor. Samstundes må vi erkjenne at nedbygging kan ha mange gode formål, som til dømes arealbruksendringar for sjukehus, barnehagar og skular. Kommunane er sjølve best eigna til å fatte slike avgjerder, men regjeringa vil no gi dei betre verktøy og kunnskap til dette i dei statlege planretningslinjene. Endringane inneber at kommunane så langt som mogleg skal unngå nedbygging av karbonrike areal, og at dei skal ha vurdert alternative areal og belyst konsekvensane av nedbygginga, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap).

Kommunane får nye retningslinjer for produksjon av fornybar energi, og om energieffektivisering.

– Kommunane er blant dei viktigaste for at vi skal nå dei måla vi har sett oss i energipolitikken. Dei er tettare på, og dei veit kvar behovet og løysingane ligg, både som planstyresmakt og rettleiar overfor innbyggjarane. Dei nye retningslinjene for produksjon av fornybar energi og energieffektivisering vil vere til stor nytte i det arbeidet, seier energiminister Terje Aasland (Ap).

I dei nye retningslinjene er det tydeleggjort kva for kunnskap om klima og energi kommunane skal legge til grunn i planlegginga, og kvar staten skal bidra med kunnskap og rettleiing. Det er òg presisert korleis fylkeskommunen og statsforvaltaren skal hjelpe kommunane. 

– Det har vore viktig for oss å synleggjere at staten vil legge til rette for det viktige klimaarbeidet kommunane gjer. Når kommunane no skal følgje opp dei nye retningslinjene, skal vi frå statleg hald bidra med rettleiing og gode verktøy, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.