Historisk arkiv

Grønn dag for Bollestad i Vestfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Første tur ut for landbruks- og matminister Olaug Bollestad etter at jordbruksoppgjeret 2019 var vel i hamn var Vestfold. Grøntnæringa er hovudsak i jordbruksoppgjeret, og dette var tema også i Vestfold. Dette fylket står for 25% av grønnsakproduksjonen i Noreg.

Første stopp var Bjertnæs og Hoel på Smidsrød gård, Nøtterøy
Første stopp var Bjertnæs og Hoel på Smidsrød gård, Nøtterøy, der Åsmund og Lars Bjertnæs, og Henrik Raastad-Hoel tok imot og viste rundt. Dei driv med isbergsalat og hjertesalat. Dei seinare åra har dei med hell tatt opp konkurransen med importe Amandine-poteter, og småpoteter utgjer nå 30 % av omsetnaden. Hjå Bjertnæs & Hoel er dei opptekne av å vise folk kvar maten kjem frå, og både butikktilsette og kundar blir invitert heim på garden og ut i åkeren. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Arrangøren stilte med biogassbil frå Greve Biogass, som køyrde statsråden rundt i Vestfold.
Arrangøren stilte med biogassbil frå Greve Biogass, som køyrde statsråden rundt i Vestfold. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Veksthus
Gjennestad vidaregåande skole i Stokke var neste stopp. Denne skolen har lange tradisjonar og stor verksemd innan grøntsektoren. Bollestad fekk omvising og orientering i vesksthus og hagesenter. Grøntnæringa har utfordringar med å rekruttere ungdom inn i næringa. Gjennestad orienterte om prøveprosjekt dei har hatt med 2 år på skole og 2 år i lære, med avsluttande fagbrev. Røynslene var gode og Bollestad fekk med seg ønskje om permanent ordning med fagbrev både for gartnar og agronom. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Bollestad og elevane
Bollestad og elevane var samde om at det er noko spesielt å arbeide med det som veks og gror! Landbruks-og matministeren fortalde at det i den ferske jordbruksavtalen er sett av 2 millionar kroner til eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt til naturbruksutdanninga, særskilt landbruks-og gartnerutdanninga. Foto: Landbruks- og matdepartemenentet
Bollestad og elever
Kva vil de at eg skal gjere? spurde Bollestad elevane, og fekk mange svar. – Start med landbruk- og gartnerfag tidelgare i skolen. Det er ikkje lenger sjølvsagt at alle i dag veit kva ei pølse er laga av, var eitt av svara ho fekk. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruksoppgjeret 2019: Tiltak for innovasjon og vekst i grøntsektoren

  • Forsterking av virkemidler fra FoU og rekruttering til produktutvikling og omsetning:
  • 65 mill. kroner øremerkes investeringer i grøntsektoren over investerings- og bedriftsutviklingsordningen (IBU).
  • 9 mill. kroner av IBU-ordningen øremerkes til produsenter som ønsker å etablere småskalaproduksjon av grønnsaker, frukt og bær.
  • Forsterket FoU-innsats. 10 mill. kroner av forskningsmidlene over jordbruksavtalen øremerkes forskning innenfor grøntsektoren.
  • Finansiering av prosjektet Presisjonsjordbruk ut i praksis (PRESIS) med 4 mill. kroner per år i 5 år.
  • Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket styrkes med 10 mill. kroner til 87 mill. kroner og grøntsektoren prioriteres.
  • Opplysningskontoret for frukt og grønt styrkes med 4 mill. kroner.
  • Graminors frukt- og bærsenter på Njøs styrkes med 5 mill. kroner.
  • Norsk Landbruksrådgiving vil ha en nøkkelrolle knyttet til rådgiving og kompetanseheving innen frukt- og grøntproduksjon.
  • Det skal etableres et rådgivende utvalg bestående av aktørene i verdikjeden, avtalepartene og virkemiddelapparatet.