Gull til Andreas Enger Fjellheim i Global Young Chef Challenge

Andreas Enger Fjellheim frå Aurskog er verdas beste unge kokk. I dag vann han gull i Global Young Chef Challenge.

Vinnar av Global Young Chef Challenge
Andreas Enger Fjellheim (25) tok gull i Global Young Chef Challenge. Foto: Sven Erik Knoff

– Eg gratulerer Andreas med gullet i Global Young Chef Challenge. Å ta sigeren i ein så stor konkurranse, er ei stor bragd. Unge kokkar som Andreas, som brenn for faget, er viktige for regjeringa si målsetting om å styrka heile sektoren frå jord til bord. Eg håpar andre også lèt seg inspirera til å ta fagbrev som kokk, servitør eller andre viktige fag for bransjen, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Til trass for ein ung alder, har Fjellheim allereie opparbeidd seg ein heil del konkurranseerfaring, mellom anna frå De Norske Kokkelandslagene. Han har òg jobba både målretta og dedikert saman med teamet sitt. 

Norske Kokkers Landsforening er stolte av prestasjonen til Fjellheim, og måten han jobbar mot måla og ambisjonane sine.

1 / 3
Forrett
False
2 / 3
Hovudrett
False
3 / 3
Dessert
False