Guri Rørtveit blir ny direktør for Folkehelseinstituttet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Instituttleiar og professor i allmennmedisin ved Universitet i Bergen Guri Rørtveit blir ny direktør for Folkehelseinstituttet. Ho blei utnemnd i statsråd i dag.

Guri Rørtveit (58) er professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen og leiar Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.

– Eg er svært nøgd med tilsettinga av Rørtveit i denne viktige stillinga. Ho er utan tvil godt kvalifisert med si lange og breie erfaring både som lege og forskar – og som leiar for sterke kunnskapsmiljø. Eg ser fram til eit godt samarbeid med ho og Folkehelseinstituttet framover, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Rørtveit blei uteksaminert som lege frå Universitetet i Trondheim i 1991, og er spesialist i allmennmedisin. Ho har doktorgrad frå Universitetet i Bergen frå 2004. Rørtveit har arbeidd som allmennlege i over 15 år i Øksnes og Bergen kommune. Ho har vore forskingsleiar ved Allmennmedisinsk forskingseining i Bergen ved UNI Research Helse. Ho blei professor i 2009 og frå 2016 har ho leia Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. 

Rørtveit har også erfaring frå ulike styrer, mellom anna som styreleiar for Chr. Michelsens Institutt og som styremedlem i Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Ho har også vore medlem av HelseOmsorg-21-rådet.

– Samspelet mellom samfunn og individuell helse har alltid interessert meg, og eg gler meg til å arbeide for betre folkehelse saman med dei dyktige fagfolka ved Folkehelseinstituttet. Direktørjobben gir ein unik moglegheit til å bidra til tilrettelegging for god helse, seier Guri Rørtveit.

Guri Rørtveit tiltrer stillinga etter avtale med Helse- og omsorgsdepartementet.