Gylne måltidsaugeblikk 2016 er i gong
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 20.04.2016
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale ber alle landets ordførarar om å inspirere aldersinstitusjonane i deira kommune til å melde seg på konkurransen Gylne måltidsaugeblikk 2016. I år vil konkurransen finne fram til dei institusjonane som mellom anna har særs god brukarmedverknad, merksemd på lokalmat og der bebuarane har matval.
– I år samarbeider vi med Forbrukerrådet. Dei er opptekne av forbrukarval, bebuar involvering og innflytelse frå brukerane og pårørande i matstell og mataktivitetar, seier Jon Georg Dale. Konkurransen er eit virkemiddel for å bidra til at eldre får servert personlig tilpassa måltider av høg kvalitet kvar dag. Måltidet skal være eit av dagens høgdepunkt, og målet med årets konkurranse er å skape meir engasjement rundt måltidene. Måltidsglede er viktig og skal mellom anna skapast gjennom involvering av bebuarane og deira pårørande, og bruk av lokale råvarer, seier landbruks- og matministeren.
![Landbruks- og matminister Jon Georg Dale sammen med Randi Flesland (t.v.) i Forbrukerrådet og Christin Engelstad i Seniorsaken. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale sammen med Randi Flesland (t.v.) i Forbrukerrådet og Christin Engelstad i Seniorsaken.](/contentassets/1b2e99d5f47749fba1415caa54298ab7/gylne-maltidsaugeblikk-2016-er-i-gong---matminister-jon-georg-dale-sammen-med-randi-flesland-t.v.-i-forbrukerradet-og-christin-engelstad-i-seniorsaken.jpg?preset=article&v=-1500687441)
Alle landets alders- og sjukeheim får direkte tilsendt informasjon om konkurransen. I tillegg vil informasjon være tilgjengeleg på nettidene til Landbruks- og matdepartementet, Forbrukerrådet samt hos Fylkesmannen i kvart fylke.
- Sjå brevet frå landbruks- og matminister Dale til ordførarane
- Sjå også brevet landbruks- og matministeren har send til landets alders- og sjukeheim
Vinnaren vil bli kåra i september. Premien er i år på kr 10.000,- samt diplom og mykje ære.
Gylne måltidsaugneblikk 2016 vil gjennomførast i perioden frå 20. april til 20. mai 2016.