Har fastsett 2024-kvote for nordaustarktisk sei

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 223 123  tonn i 2024.

Totalkvoten er likt kvoterådet frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Dette er ein liten reduksjon frå årets kvote som er på 226 794 tonn. Bestanden er godt over føre-var nivå.

Sei nord for 62 gradar nord er ein norsk bestand. Noreg fastset derfor totalkvoten utan forhandlingar med andre statar.