Revidert nasjonalbudsjett
Heimevernet styrkast ytterlegare i år
Nyheit | Dato: 14.05.2024 | Forsvarsdepartementet
– Det gir tryggleik i befolkninga at Heimevernet, med sin lokalkunnskap, er på plass over heile landet. Heimevernet får ein enda viktigare rolle i ein meir alvorleg sikkerheitspolitisk situasjon. Regjeringa foreslår å styrke Heimevernet med 180 millionar kroner som skal gå til klede og utrustning, kompetanseheving og meir øving og trening i år, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
I Langtidsplanen foreslår regjeringa å auke talet på soldatar frå 40 500 til 45 000, gi Heimevernet (HV) betre utrusting og kampkraft, og sikre at heile HV øver meir. I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å starte denne styrkinga ved å løyve 180 millionar kroner. Løyvinga skal bidra til økt trening i år, i tillegg til innkjøp av personleg kledning og utrusting. Dette kjem i tillegg til dei 100 millionane HV blei styrka med i statsbudsjettet for inneverande år.
– Regjeringa vil ha eit større, betre trena og betre utstyrt Heimevern. HV er ein effektiv og verdifull ressurs og skal styrkes for å kunne ta fleire oppdrag i heile landet i ein meir krevjande sikkerheitspolitisk situasjon, seier forsvarsministeren.
Heimevernet består i dag av elleve heimevernsdistrikt.
I Langtidsplanen for forsvaret foreslår regjeringa mellom anna å vidareutvikle Heimevernets innsatsstyrker for å bli meir fleksible, få større mobilitet og uthald. I tillegg blir det oppretta tre nye innsatsstyrker. Heile HV skal bli betre utstyrt. Dessutan foreslår regjeringa å etablere eit tolvte HV-distrikt for Agder, HV-07, med hovudkvarter på Kjevik.
– Heimevernet styrkast for å bli meir effektive i forsvaret av Noreg over heile landet. I dette ligg det at Heimevernet spelar ei viktig rolle for å sikre landet mot samansette truslar. HV skal òg få betre evne til å handtere fleire utfordringar på same tid, seier forsvarsministeren.