Statsbudsjettet 2025

Held fram satsinga på billigare og betre barnehagar

Regjeringa foreslår å vidareføre den historisk låge maksprisen for barnehage i 2025. Regjeringa gjer også grep for å betre bemanninga og kompetansen blant barnehagetilsette.

– Barnehagen spelar ei avgjerande rolle i barna sine første leveår. Det er her grunnlaget for læring, utvikling og sosialt samspel blir lagt. Difor er det viktig for regjeringa å sikre at alle barn får tilgang til barnehagar med høg kvalitet, uavhengig av foreldra sin økonomi, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Regjeringa foreslår å vidareføre maksprisen på barnehage på historisk låge 2000 kroner i månaden. For dei mest grisgrendte kommunane foreslår regjeringa at maksprisen også neste år blir på 1500 kroner. Regjeringa foreslår å løyve totalt 191 millionar kroner til denne satsinga i 2025.  I tiltakssona Nord Troms/Finnmark foreslår regjeringa at barnehage framleis skal vere gratis.

– Dette er eit viktig grep som foreldre merker på lommeboka, seier Nordtun.

Med makspris på 2 000 kroner vil ein familie med eit barn i barnehage spare 19 300 kroner i året samanlikna med prisjustering av maksprisen frå siste budsjettforslaget Solberg-regjeringa la fram. Familiar med to barn i barnehage vil spare 32 900 kroner i året.

Betre bemanning

Dessverre slit mange barnehagar med bemanningsutfordringar og høgt sjukefråvær.

Regjeringa grunngir 250 millionar kroner av kommunane sin vekst i frie inntekter med behov for å styrke bemanninga i barnehagar.

Regjeringa har allereie sørga for at kommunar med barnehagar i levekårsutsette område har fått øyremerka tilskot for å auke pedagogtettleiken eller bemanninga. For 2025, foreslår regjeringa 208,9 millionar kroner til dette.

– Å få bukt med forskjellar og gi alle like moglegheiter er den viktigaste jobben til regjeringa. Mindre forskjell gjer samfunnet betre for oss alle. Skal vi lykkast med dette, må innsatsen setjast inn tidleg, seier Nordtun.

Meir kompetanse for meir kvalitet

For å rekruttere fleire barnehagelærarar og for at fleire skal ønske å bli i yrket, må barnehagar vere gode stader å jobbe der tilsette også får utvikle seg fagleg.

– Tilsette i barnehagen har ein av dei viktigaste jobbane i samfunnet vårt. Vi veit at fagleg trygge tilsette er nøkkelen til eit godt barnehagetilbod. Med høgare kompetanse sikrar vi at fleire ungar får den oppfølginga dei treng, at fleire blir fanga opp tidlegare og at kvart enkelt barn får det tilbodet dei har rett på, seier Nordtun.

Regjeringa vil innføre eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for lærarar og andre tilsette i barnehage og skule, der alle yrkesgrupper får høve til å ta etter- og vidareutdanning. Dette skal fasast inn i 2025 og 2026.

Det er viktig å gi nytilsette lærarar ein god start på yrkeslivet. Frå hausten 2025 vil regjeringa styrke og utvide tilskotsordninga for rettleiing av nyutdanna lærarar til også å omfatte barnehagelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår at tilskotsordninga blir auka med 75 millionar kroner til totalt 145 millionar kroner, som er meir enn ei dobling frå fjorårsbudsjettet.

Fleire skal få ta utdanning medan dei jobbar

For å styrke kompetansen blant dei tilsette i barnehagane vil regjeringa at fleire assistentar og barne – og ungdomsarbeidarar skal kunne utdanne seg til barnehagelærarar medan dei jobbar.

Regjeringa foreslår ein auke på 10 millionar kroner for å opprette ytterlegare 165 plassar på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) frå hausten 2025. Det kjem i tillegg til auken på 20 millionar kroner som kom i 2024, som regjeringa vidarefører.