Presseinvitasjon

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Drammen måndag 15. august

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Kjerkol skal besøke fastlegekontoret Elvebyen legesenter og Eikholt – nasjonalt ressurssenter for døvblinde.

Program:

11.30: Besøke fastlegekontoret Elvebyen legesenter

Elvebyen legesenter er eit legesenter med 4 fastlegar, der 3 er sjølvstendig næringsdrivande og eig senteret, og ein fastlege er kommunalt tilsett – der kommunen leiger seg inn på eit privat senter.

Dette er ei helt ny ordning der ein prøver å kombinere fast tilsette og næringsdrivande på same senter. Statsråden vil få høyre kva legane ved senteret meiner om løysinga. Drammen kommune vil også vere til stades.

Adresse: Bjørnstjerne Bjørnsons gate 60, 3044 Drammen

13.00: Besøke Eikholt - nasjonalt ressurssenter for døvblinde

Eikholt har i over 40 år vore eit sentralt kompetansemiljø for døvblinde. Dei er i dag Nasjonal kompetanseteneste for døvblinde, og vil presentere arbeidet sitt for statsråden. Dei vil mellom anna demonstrere AV-senteret. Les meir om Eikholt.

Adresse: Helen Kellers vei 3, 3031 Drammen

Pressa er velkomen til å delta på begge møta.

Kontaktperson for pressa er Andreas Keus. Mobil 950 72 023 / e-post andreas.keus@hod.dep.no