Presseinvitasjon
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Hammerfest og Tromsø 1. – 2. februar
Nyheit | Dato: 30.01.2024 | Sist oppdatert: 31.01.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Hammerfest sjukehus torsdag 1. februar og Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø fredag 2. februar i samband med den pågåande prosessen i Helse Nord.
Program Hammerfest sjukehus 1. februar:
- Kl. 12.00 – 13.00: Møte med leiinga og tillitsvalde ved sjukehuset
- Kl. 13.15 – 14.00: Omvising på nye Hammerfest sjukehus med pressa
- Kl. 14.00: Møte med pressa
Program UNN Tromsø 2. februar:
- Kl. 09.15 – 10.15 Besøk på UNN og til dei noverande lokala som husar tilbod som blir lagt nye Åsgård
- Kl. 10.15 – 11.30 Møte med leiinga og tillitsvalde på UNN
- Kl. 11.30 Møte med pressa
Pressa er velkomen til å delta på omvisingar og statsråden er tilgjengeleg for intervjuar.