Presseinvitasjon
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol sitt besøk til Hammerfest sjukehus er utsett til torsdag 1. februar
Nyheit | Dato: 26.01.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol sitt besøk Hammerfest sjukehus i samband med den pågåande prosessen i Helse Nord er utsett frå tysdag 30. januar til torsdag 1. februar på grunn av dårleg ver.
Statsråden kjem til å få ei orientering og omvising av det akuttmedisinske tilbodet ved sjukehuset, samt ha eit møte med leiinga og tillitsvalde ved sjukehuset. Statsråden er tilgjengeleg for pressa etter møta.